Lokalnytt

Folkerikt Flofjellstemne

Rundt 300 personar kom både gåande og køyrande til stemnestaden ved skihytta på Flofjellet.
Rundt 300 personar kom både gåande og køyrande til stemnestaden ved skihytta på Flofjellet.

Flofjellstemnet søndag vart av dei mest folkerike nokon gong. Stemnet som også var minnemarsj i høve 22. juli samla rundt 300 personar ved skihytta til preike og sosialt samvær.


Fire fullasta bussar kom frå Stryn til Vollset, og i tillegg eit stort antall private bilar. Til stemnestaden oppe på Flofjellet gjekk unge og eldre i flokk og rad. Også ein spesiallaga traktor vart nytta til persontransport oppe på fjellet.
Sokneprest i Stryn, Kjetil Netland har nok sjeldan hatt fleire samla til preike enn på Flofjellet søndag.
Den gamle kjerrevegen over fjellet var kyrkjeveg til Oppstryn kyrkje for Brekke og Vollset fram til 1848.

Rådmann i Stranda, Ann Kristin Langeland ønska alle vel møtt og orienterte om programmet for dagen. Ei felegruppe frå Nordfjord framførte eit musikkstykke til preludium, før salmen ”Herre Gud ditt dyre namn og ære” tona ut i det vakre landskapet.

Helseminister Anne-Grete Strøm- Eriksen var også til stades. Dagen før hadde ho delteke i avduking av eit minnesmerke i Stryn til mine om 20 år gamle Hanne Kristine Fridtun som døde under udåden på Utøya i fjor sommar. Søndag las helseministeren teksta for dagen til gudstenesta.

Etter preika av sokneprest Kjetil Netland og salmesong las Anette Frøysa og Irene Trøen Frøysa frå Hellesylt bøner for dagen.
Gudstenesta vart avslutta med songen ”Fagert er landet”.

Etter oppmoding frå politiet var Stranda Røde kors hjelpekorps til stades under stemnet utan at det vart oppdrag, men ei stor tryggheit for dei mange frammøtte.

Mellom dei mange frammøtte var også helseminister Anne-Grete Strøm-Eriksen. Til høgre tidlegare Styne-ordførar Nils P. Støyva.
Mellom dei mange frammøtte var også helseminister Anne-Grete Strøm-Eriksen. Til høgre tidlegare Styne-ordførar Nils P. Støyva.
Anette Frøysa og Irene Trøen Frøysa deltok i lesing av bøner under gudstenesta.
Anette Frøysa og Irene Trøen Frøysa deltok i lesing av bøner under gudstenesta.
Til stades på Flofjellet var også Stranda Røde Kors Hjelpekorps. Frå venstre Bjørn Strømme, Oddbjørn Berge, Tove Hagebakk, Lars Terje Myklebust og Ronny Vold.
Til stades på Flofjellet var også Stranda Røde Kors Hjelpekorps. Frå venstre Bjørn Strømme, Oddbjørn Berge, Tove Hagebakk, Lars Terje Myklebust og Ronny Vold.
Også mange sunnylvingar fann vegen til Flofjellet, her Knut J. Tryggestad t.v. og Magne Hole t.h.
Også mange sunnylvingar fann vegen til Flofjellet, her Knut J. Tryggestad t.v. og Magne Hole t.h.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380