Hoppa i Helsetvatnet
Kvar dag har dei tre jentene bada i Helsetvatnet når sola har varma. Difor har det blitt mange dukkertar dei siste dagane.
Olene og Bertine Lade og venninna Julia Grimset frå Sogn hadde funne fram badekleda og hadde det rett så triveleg med å hoppe frå ei flytebrygge og i Helsetvatnet torsdag. Berre ein svalande symjetur, for det var ikkje kaldt, forsikra dei. Lokalkjente tippa temperaturen i vatnet til 14 – 15 grader.
Mest kvar dag i sommar har dei og nokre til bada i Helsetvatnet. Ikkje når det hadde regna, fekk vi vite, då venta dei og håpa på nye soldagar. Og soldagar kom det mange av denne veka.