Lokalnytt

Intimkonsert i Peer Gynt Galleriet

-

Fredag 27.juli fylte Kari Standal Pavelich i lag med musikalske vener Peer Gynt Galleriet på Hellesylt med konsert og framføring av kjende klassiske perler til gamaldans frå Nordfjord. Med Oddvin Parr sine mektige trerelieff som kulisser, låg soleis alt til rette for dei mange frammøtte.

Anne Britt Sårheim 12.08.2012 09:23:11
Foto: Ingunn Parr
Konserten gjekk av stabelen med artistar frå Nordfjordeid. Kari Standal Pavlelich som er oppvaksa på Sunnmøre, men no busett på Nordfjordeid, hadde teke turen over fylkesgrensa til Hellesylt. Ho er fiolinist og sjef for opera Nordfjord. Saman med seg hadde ho mannen sin, amerikanske Michael Pavelich og sonen Simon Standal Pavelich. Olga Pavlova, musikklærar i kulturskulen og tilsett ved operaen, var og med i det musikalske fylgjet i lag med Dagfinn Lågeide. Alle musikarane er ein del av det fantastiske musikkmiljøet på Nordfjordeid.

Fyrst ut var familien Standal Pavelich. Michael med si vakre tenorrøyst sette an tonen med den irske balladen «Danny Boy» og rørte publikum. Sonen Simon har trass ung alder hatt mange musikalske hovudroller. Han framførte flotte smakebitar for oss. Blant anna «You`ll never walk alone”, henta frå Broadway-musikalen»Carousel». Sidan byrjinga av-60 talet har denne vore fotballklubben Liverpool sin song, og det var litt vanskeleg for ein ihuga Manchester United-fan å gjere den heilt til sin, syntes han sjølv.
Gjennom heile denne avdelinga krydra familien innslaga med små snuttar og forteljingar som fekk publikum i god stemning.
Olga Pavlova kjem opphaveleg frå Russland. Ho syng opera og spelar piano, fiolin og bratsj. Saman med ektemannen Dagfinn på trekkspel, drog dei oss med på ei lita reise. Her fekk vi høyre frå russiske verk, argentinsk tango, svensk filmmusikk og gamaldansmusikk frå Nordfjord. Med små historier vart denne musikalske reisa prega av både litt skjemt og litt alvor.

Vakkert var det og då Kari og Olga på fiolin og Michael på piano framførte Rolf Løvland sin melodi «Song from a secret garden».
Før konserten avslutta, fekk vi musikk av Johan Sebastian Bach og Ole Bull, der publikum kvitterte med ståande applaus.
Tilbake fekk dei eit flott ekstranummer frå musikalen» West side story», og ei helsing på vegen til Toralv Maurstad, som er ein god ven av dei og den neste som skal i ilden i galleriet under 10-års jubileet.

Det strålande spelet, den flotte songen, det varierte repertoaret i lag med den gode akustikken gjorde denne aller fyrst konserten i Peer Gynt-galleriet til ei stor oppleving.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380