Lokalsport

Målfest for Sunnylven/Stranda

-

Det vart braksiger for Sunnylven/Stranda i damekampen mot Ørsta. 15 – 0 stod det då domar Svein Ole Sørensen, VRF bles for full tid.

Ørsta stod med null poeng då dei gjesta Hellsylt stadion i første seriekamp etter ferien. Heller ikkje onsdag kveld vart det poeng å ta med heim etter oppgjøret mot Sunnylven/Stranda på Hellesylt stadion.
Mykje av spaninga vart øydelagt alt to minutt ut i andre omgang då Ørsta sin målvakt Ellen Eikenes takla Kirsti Frøysadal Hauge som siste spelar til rødt. Ei korrekt avgjerd av domar Svein Ole Sørensen.

Sunnylven/Stranda leia 3-0 ved pause. I første omgang hang Ørsta bra med og hadde sjanse til skåring. Men ei god redning av Lillian Aasheim ti minutt ut i kampen hindra mål for gjestane.
Storskårar Kirsti Frøysadal Hauge brukte litt tid på å stille inn kanona onsdag. Men etter 15 minutt sat første ball i nota. Etter 31. minutt vart det 2-0 ved Marte Lundanes og 3-0 ordna Stine Fivelstad tre minutt seinare.

Andre omgang starta med nemde takling og utvising av Ørsta si målvakt. Straffesparket sette Anne Lise Lødøen Helset vakkert i kassa. Seinare vart det mest spel mot eitt mål og Kirsti Frøysadal Hauge og Stine Fivelstad kappast om å bli toppskårar i kampen. Kirsti stoppa på sju, Stine på seks.

Vi har sett Sunnylven/Stranda spele betre kampar, men laget har mista fleire av dei eldre, rutinerte og hadde mykje nytt denne gongen som må få spele seg saman. Tina Jøsok var solid som bakerste forsvarar, og elles var det gode innhopp av dei unge som spelar på dispensasjon, Anette Frøysa og Kristin Ringdal.

Sunnylven/Stranda – Ørsta 15 – 0 (3 – 0)
Målskårarar Sunnylven/Stranda:
Kirsti Frøysadal Hauge 7, Stine Fivelstad 6, Marte Lundanes, Anne Lise Lødøen Helset, (straffe)
Publikum: ca. 50

Sunnylven/Stranda sitt lag:
Lillian Aasheim, Inga Nybø Vik, Tina Jøsok, Linda Vågseter, Anne Lise Lødøen Helset, Marte Lundanes, Linn Kammen, Lena Gjerde, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad.
Innbyttarar:
Anette Frøysa, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Malin Riise, Kristin Ringdal, Randi Grønningseter, May-Helene Hole.

Andre res. 3. div. kvinner::
Brattvåg – Herd 2-4
Langevåg – Bergsøy 3-4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380