Mange feira olsok i Hellesylt Bygdetun
I varmt og vakkert sommarver feira 50 personar olsok i Hellesylt Bygdetun søndag 29. juli. På det gamle gardstunet var det både programinnslag og servering av rjomegraut, kaffi og kaker.
Odd Jostein Bjørdal – 10.08.2012 13:51:22
Foto: Karl Johan Øie
Også i år kunne Bygdetunets Venner og leiar Karl Johan Øie ønskje vel møtt til olsokmarkering. Mange slutta opp om samlinga i den fine sommarkvelden der Inger Ringdal Sæter og Karl Johan Øie stod for programmet.
12-åringen Inger Ringdal Sæter imponerte alle med fine og vakre songar.
Karl Johan Øie fortalde om Kinamisjonæren Marie Syltevig som var fødd i Vang i Valdres i 1891, men som på farssida ætta frå Sunnylven. Faren, Knut Knutsson Syltevig var fødd i Slettebakkane og var bror til handelsmann Nils Syltevig på ”Syltevigbuda” og til Pernille som seinare overtok garden i Slettebakkane.
Marie utdanna seg til sjukepleiar i Oslo og reiste i 1919 til Kina som misjonær.
Under vanskelege og primitive forhold og trass mykje motstand bygde ho opp ein misjonsstasjon i ein by som heitte Schanchow. Med unntak av ein kortare periode heime i Noreg tidleg på 1930-talet, der ho mellom anna besøkte slekta si på Hellesylt, arbeidde Marie trufast i Kina fram til ho døydde i 1952.
Tradisjonen tru når det er olsokfeiring i Bygdetunet vart det servert velsmakande rjomegraut, kaffi og kaker. Stiftinga Hellesylt Bygdetun har stått for oppussing av hovudetasjen i ”nyestova” og i samband med dette har Bygdetunets Venner kosta mykje nytt utstyr til kjøkkenet.
For arrangøren var det derfor ei ekstra glede at grauten og kaffien i år kunne lagast på eige kjøkken.
Ei triveleg og vellukka samling blei avslutta med ein song som høvde godt i den vakre sommarkvelden, ”Fager kveldsol smiler”.