Lokalsport

Sikker siger mot Tjørvåg

Målskårarar for Sunnylven. Frå venstre Ole A. Ringdal, Markus T. Forbord og Jørgen Helset.
Målskårarar for Sunnylven. Frå venstre Ole A. Ringdal, Markus T. Forbord og Jørgen Helset.

Sunnylven sitt herrelag i fotball held fram med å vinne. Måndag vart det siger 3-1 mot Tjørvåg og tre nye poeng.

Sunnylven kan gå mot opprykk når sesongen er over. Truleg er det berre Hareid 2 som kan hindre laget i å toppe 6. div avd. 1. når serien er ferdigspela søndag 30. september.

Måndag gjesta Tjørvåg Hellesylt stadion som første lag etter at bana var sett i stand igjen.
Heimelaget viste seg som det beste og vann oppgjøret 3-1 etter 2-0 til pause.

Det var Ole Arnstein Ringdal som fekk donke inn det aller første målet på ”nye” Hellesylt stadion. Etter fire minutt og litt mølje innafor femmeteren var han sist på ballen til 1-0.
Ungguten Markus T. Forbord har stor fart og skapte stadig problem på høgresida til Tjørvåg. Ei skåring låg i lufta gjennom heile første omgang og etter 37. minutt vart det fulltreff og 2-0 til heimelaget.

Tjørvåg skapte litt spaning i kampen med si redusering etter 71. minutt ved Jon Steffen Vattøy, men då Jørgen Helset skalla inn 3-1 i det 83. minutt var alle poenga sikra for heimelaget.
Hjørnesparket som resulterte i skåringa kom etter frisparkkanon frå Ole A. Ringdal i tverrstonga, deretter i målvakta og ut.
Med litt hell kunne Sunnylven fått fleire mål, men marginane i avgjerande trekk var ikkje med denne gongen.
Tabellnabo Tjørvåg skuffa litt. Vi registrerte ikkje målsjanse i første omgang før etter 30 minutt. I andre halvdel yppa dei seg litt meir, men Eirik Stenberg var sikker og god, mellom anna redda han med ein beinparande heilt på slutten av kampen.
Alle på Sunnylven hadde ein jamt god dag, med eit ekstra pluss til forsvaret.

Ingen kort i kampen frå domar Svein Ole Sørensen VRF som leverte god dømming.

Sunnylven – Tjørvåg 3-1 (2-0)
Mål Sunnylven: Ole A. Ringdal 4, Markus Forbord 37, Jørgen Helset 83.
Mål Tjørvåg: Jon Steffen Vattøy 71.
Publikum: ca. 60

Sunnylven sitt lag:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Eivind Helset, Markus T. Forbord, Ole A. Ringdal, Henning Frøysa.
Nytta innbyttarar:
Trygve Aaland Tryggestad, Vidar Even Leite, Leif Rune Tryggestad, Ivar Ringdal Sæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380