Lokalnytt

Siste balldag

Torsdag og potetball på Peer Gynt Galleriet har vore ein suksess. I morgon torsdag 30. august er aller siste sjanse til eit måltid potetball med kålrot, pølse, salt kjøt og glinsane feitt kring munnen.

I kafeen i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt blir det potetball med alt godt for siste gong denne sommaren torsdag 30. august. Frå rundt kl. 13.00 blir det servering, får vi opplyst.

Siste åpningsdag for i sommar ved Peer Gynt Galleriet er fredag 31. august.
Peer Gynt Galleriet held ope elles ved spesielle tilstelningar eller på tinging. Ta kontakt på tlf. 950 13 170.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380