Lokalnytt

Storsatsing på lausdriftsfjøs

Det nye fjøset til Fredrik Helset t.v. og sonen Jørgen har store dimensjonar over seg.
Det nye fjøset til Fredrik Helset t.v. og sonen Jørgen har store dimensjonar over seg.

I Sunnylven reiser det seg tre store lausdriftsfjøs for storfe og mjølkeproduksjon. Ei bygningsmasse til kring 30. mill. kroner og som vil huse fram mot 150 mjølkekyr. Næringssjefen er imponert over satsinga.


Sunnylven har alltid vore ei av dei store jordbruksbygdene på Sunnmøre. Etter kvart har krav til effektivitet og økonomi auka, og fleire har slutta med mjølkeproduksjon. Ikkje minst har ønskje om meir ferie og fritid hos bønder ført til samdrift i større einingar og nye fjøsbygg.

Fleire store mjølkebruk har vakse fram dei siste åra, og no reiser det seg tre nye fjøsbygg for lausdrift med mjølkerobot.

På Helset
I Sunnylvsbygda står eit nytt lausdriftsfjøs på Helset klar til bruk i oktober. Fredrik Helset og sonen Jørgen byggjer for mjølkeproduksjon i eit vel 800 kvadratmeter stort og topp moderande fjøs med mjølkerobot. I tillegg kjem 300 kvadratmeter i den gamle driftsbygninga der det blir forsentral, mjølkerom og plass for småkalvar.
I fjøset skal det inn kring 50 mjølkekyr med påsett som skal produsere 400 tonn mjølk. I løpet av to år reknar dei med å vere oppe i full produksjon.
Grovforet blir hausta frå eigen gard og leigejord, for det meste som rundbalgar.

På Tryggestad
I Langedalen nærmar det seg tak på nyefjøsen til Jan Ove Tryggestad og Gunnhild Folldal. Som på Helset er det Måløy Bygg AS som utfører byggearbeidet også på denne ”mjølkefabrikken”.
I fjøset får 40 årskyr plass for å produsere ei mjølkekvote på vel 300 tonn. Fjøset med mjølkerobot skal takast i bruk i november.
Jan Ove Tryggestad er tidlegare styreleiar i TINE Meieriet Vest.
Mjølk er ei vare vi treng og som det er naturleg å satse på då den blir produsert på gras som det er gode vekstforhold for på Vestlandet, seier Tryggestad.
Som ordførar i Stranda hadde han nyleg besøk av gründerar frå Nederland. Dei fekk sjå at kommunen hadde mange bedrifter som tilverka råstoff frå mellom anna jordbruk og husdyrhald. Dei undra seg på om den lokal tilgang var stor nok.
Der kan det ligge ei utfordring i framtida, trur Jan Ove Tryggestad.

I Nibbedalen
På Fivelstad i Nebbedalen, like under 1209 meter høge Fivelstadnibba blir det tomta for det tredje lausdriftsfjøset for mjølkeproduksjon. Her skal Asle Fivelstad og sonen Leif Arne byggje stort, totalt 1300 kvadratmeter. Fjøsen med mjølkerobot får plass til 50 mjølkekyr med påsett, og ei mjølkekvote på 400 tonn. 8000 liter pr. årskyr skal gje lønsam drift.
Valet var enkelt, men kostnaden er høg. I dag må ein satse stort og moderande, i motsatt fall blir det slutt med mjølk og storfe, trur Asle Fivelstad.

Imponert over satsinga
Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal er imponert og samstundes glad for den satsinga som blir gjort i landbruket i Sunnylven.
-Ein kan meine mykje om samdrift, men det er ei tilpasning til den situasjon vi har i landbruket i dag. Det fører rett nok med seg strukturendringar når det gjeld busetnad ute på bygdene, men samstundes blir matjord halde i hevd og kulturlandskapet pleia. Vi støttar eit kvart initiativ som måtte kome når det gjeld nye fjøs og samdrifter, det er vår oppgåve-, seier næringssjef Inge Bjørdal.

I nyefjøsen på Helset er det plass til 50 mjølkekyr med påsett.
I nyefjøsen på Helset er det plass til 50 mjølkekyr med påsett.
Gunnhild Folldal og Jan Ove Tryggestad håper å ta i bruk nyefjøsen i løpet av november.
Gunnhild Folldal og Jan Ove Tryggestad håper å ta i bruk nyefjøsen i løpet av november.
Asle Fivelstad t.høgre og sonen Leif Arne har i desse dagar grave ferdig tomten til sitt nye lausdriftsfjøs.
Asle Fivelstad t.høgre og sonen Leif Arne har i desse dagar grave ferdig tomten til sitt nye lausdriftsfjøs.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380