Lokalsport

Sunnylven fekk revansj mot Åmdal.

Gode på Sunnylven, frå venstre Markus Forbord, Eirik Stenberg og Hans Kristian Hjellbakk Hole.
Gode på Sunnylven, frå venstre Markus Forbord, Eirik Stenberg og Hans Kristian Hjellbakk Hole.

Sunnylven åpna med siger 4-1 over serieleiar Åmdal på bortebane måndag. Tre viktige poeng i kampen om opprykk til 5. divisjon.

Åmdal tok med alle poenga heim etter siger 3-1 då laga møttest på Stranda stadion i vår.
På ei flott grasbane på Legene i Åmdal vart det Sunnylven som jubla mest til slutt. Etter 1-0 ved pause vann dei raude og blå 4-1 der Hans Kristian Hjellbakk Hole skåra to, Ole Arnstein Ringdal og Leif Rune Tryggestad eitt kvar.

I halve første omgang registrerte vi ingen klare målsjansar, men bra tempo i kampen. Etter halvtimen fekk Åmdal ein stor sjanse til skåring, men Sunnylven sin gode målvakt var raskt nede og stoppa skotet. Seinare kom ei ny redning frå Eirik Stenberg som heldt nullen til pause.
Det greidde ikkje heimelaget sin burvaktar då Hans Kristian Hjellbakk Hole kom fri og trilla ballen i mål i omgangens siste minutt. 1-0 til Sunnylven vart pauseresultatet.

Nettsus av gjestane
Andre omgang vart meir målrik. Først la Hans Kristian Hjellbakk Hole på til 2-0, like etter reduserte Åmdal ved Anders Molnes, men kvarteret før slutt auka Ole Arnstein Ringdal leiinga for gjestane, og i det 90. minutt punkterte Leif Rune Tryggestad kampen med ein knallhard markkrypar og 4-1 til Sunnylven.
Vi registrerte også eit tverrliggarskot av Ole A. Ringdal, og fleire nestensjansar for nykomar og ein av Sunnylven sine beste, Markus Forbord.
God var også Jørgen Helset, tomåls skårar Hans Kristian Hjellbakk Hole og Eirik Stenberg i målet.
Domar Palmar Blindheim, Blindheim IL delte ut tre gule kort til Åmdal, ingen til Sunnylven.

Med sigeren måndag ligg Sunnylven tre poeng bak serieleiar Åmdal med to kampar mindre spela. No ventar sju seriekampar på heimebane for Sunnylven før 6. div. er avgjort. Der vil Sunnylven sanke mange poeng om laget viser same innsats og spel som mot Åmdal.

Sunnylven:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Robert Tryggestad, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Eivind Louis Helset, Ole Arnstein Ringdal, Markus Forbord, Henning Frøysa.
Innbyttarar:
Asbjørn Kvam Karbø.

1-0 til Sunnylven. Hans Kristian Hjellbakk Hole donkar ballen over mållinja.
1-0 til Sunnylven. Hans Kristian Hjellbakk Hole donkar ballen over mållinja.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380