Lokalnytt

Aktiv haust i Sunnylven sanitetslag

Laurdagskafe med Sunnylven sanitetslag har blitt ein suksess med mange besøkande. (Arkivfoto)
Laurdagskafe med Sunnylven sanitetslag har blitt ein suksess med mange besøkande. (Arkivfoto)

Aktiviteten i Sunnylven sanitetslag har vore og blir stor i vekene som kjem, så mange har mykje å sjå fram til før året er omme.

Sunnylven sanitetslag feira sitt 100-årsjubileum 4. mai. I det høve la styret ned mykje arbeid, og fekk god hjelp frå mange medlemer. Då vart det også halde utloddning med mange flotte gevinstar frå bedrifter og medlemer.
Styret ønskjer ikkje å be om støtte til fleire utloddningar dette året, så dermed blir det ikkje basar i haust.

Men Sunnylven sanitetslag byd på fleire andre arrangement i staden, så medlemer og andre har mykje å glede seg til.

Veke 39. er sanitetens veke og i år er temaet ”Saman mot vold”. Sunnylven sanitetslag deler ut panneband til elevane i 1. klasse, og arrangerer tur i lag med Sunnylven Pensjonistlag til ytre Sunnmøre, mellom anna gjennom Kviven.
Laurdag 20. oktober blir det laurdagskafe på Sunnylven samfunnshus, det blir adventsstund på Sunnylven omsorgssenter 1. desember, og Luciamåltid på Sunnylven skule 13. desember, opplyser styret.
Det blir også eit medlemsmøte, men dato for dette er ikkje bestemt.

Utanom jubileumsfesten i mai er loppemarknaden under Sommardagar på Hellesylt i juli det største arrangementet i 2012.
Laget har også markert seg gjennom sal av fastelavnsris, sal av maiblomst og med det lokale trimløpet Jentebølgen i juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380