Lokalnytt

Inga avklaring med prest i Sunnylven.

Det er usikkert om Sunnylven får fast prest eller ikkje. Grunna innsparingar skal det skjerast ned fire årsverk i Møre bispedømme.


På grunn av økonomiske innsparingar er det no sendt ut ei høyring til alle sokneråd og prestar om å berekne belastninga for den enkelte prest ut frå eit statistisk materiale og geografiske utfordringar.
Det skal gje grunnlag for å skjere ned fire årsverk i bispedømmet, opplyser prost Svein Runde til hellesylt.no.
Resultatet av undersøkinga skal vere klar før nyttår.

Runde opplyser at Nils Beite og også Øystein Kjølberg skal ha avsvar for prestetenesta i Sunnylven fram til nyttår.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380