Markerte Saniteten si veke
Sunnylven sanitetslag har markert Saniteten si veke der temaet i år var ”kampen mot vold”.
På Sunnylven skule vart det denne veka delt ut panneband til alle elevar i første klasse.
Laurdag hadde styre i Sunnylven sanitetslag stand i Hellesylt sentrum med utdeling av armband og informasjonsbrosjyrer.
I tillegg baud laget på sal av vafler og kaffi. Eit tiltak som vart godt motteke der mange stakk innom for å handle og slå av ein prat.