Lokalnytt

Med ferje frå sommarbeite

 

 

 

Med ferja ”Vestveg to” vart 270 sauer frakta heim frå sommarbeite i Oaldsbygda til Hellesylt søndag. Ein ny beitesesong i den fråflytte fjordbygda var over.

Det er to bønder på Tryggestad, Per Kjell Leite og Jan Ove Tryggestad som leiger seg sommarbeite for nær 400 sauer i Oaldsbygda. I år var det 11. sesongen med beiteslepp i midten av mai og der første sanking vart gjorde unna i helga. Det blir nok fleire turar til Oaldsbygda på dei to og deira gode sankehjelparar, for over hundre dyr mangla.
På turen tilbake til kai på Hellesylt var det med rundt 270 dyr søndag.

Veret var ikkje på sankarane si side denne andre helga i september.
-Det var regn og det snøa ned til 1000 meter, fortalde dei og la til at det bles kraftig både fredag og laurdag. Verst var vinden laurdag, då var det eitt skritt fram og to tilbake-, fleiper dei. Kanskje var det ikkje så langt frå sanninga.

Dei to sauebøndene var bra nøgde med tilveksten på lamma.
-Det seg bra ut, men det er litt varierande så vi veit ikkje kor bra det er før dei kjem på vekta, sa Per Kjell Leite.

Sauene vart frakta frå Hellesylt kai med dyretransportbilar frå Ole Ringdal AS til Tryggestad der dei fråtsar vidare i gode ho-beite før siste reis til slakteriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380