Heimekamp først om KM-tittelen
Det blir to kampar om KM-tittelen mellom avdelingsvinnarane i menn 6. divisjon. SFK har sendt ut denne meldinga der dei har sett opp aktuelle datoar og trekt kven som spelar heime – borte.
Trekninga gav dette resultatet:
Onsdag 24. oktober kl. 18.30: Vinnar avd. 1 –Vinnar avd 2.
Måndag 29. oktober kl. 18.30: Vinnar avd. 2 – Vinnar avd. 1.
Vinnar av avdeling 1. vart Sunnylven.
Vinnar av avdeling 2. er ikkje klar, men Ravn leiar føre Langevåg 2. når to serierundar står att.
Kampane kan flyttast til eit anna tidspunkt om begge lag er samde. Begge kampane må vere spela før 4. november.
Sunnmøre Fotballkrets ordnar med domarar til kampane når bane og datoar er endeleg bestemt. Dei to avdelingsvinnarane vil bli kontakta av kretskontoret så snart siste serierunde er ferdigspela, skriv SFK.
To lag rykkjer opp frå 6. divisjon til 5. divisjon etter sesongslutt, dvs. avdelingsvinnarane i avd. 1. og avd. 2.