Lokalsport

Storsiger i KM-kamp mot Ravn

Sunnylven sitt herrelag har eit godt utgangspunkt til KM-tittel i 6. divisjon etter 6-0 siger over Ravn i første kamp.
Sunnylven sitt herrelag har eit godt utgangspunkt til KM-tittel i 6. divisjon etter 6-0 siger over Ravn i første kamp.22

Sunnylven tok første stikk i kampen om KM-tittelen i 6. divisjon. 6-0 stod det til heimelaget på Hellesylt stadion når domar Bjarte Steinsbu bles av etter nitti minutt.


Ravn var eit spelande og godt lag, men sjølv om dei opna best makta laget ikkje å skåre mål. Til det var Sunnylvsforsvaret og burvaktar Eirik Stenberg for god. Fleire redingar frå den unge keeperen var berre fantastiske og utruleg viktige for sluttresultatet.

Det gjekk mest heile første omgang før det vart mål. I trengt posisjon på 16-meteren kom Hans Kristian Hjellbakk Hole fri og dundra ballen i nota, utagbart for sisteskansa til Ravn, Martin Skår Vadset. Dermed 1-0 til Sunnylven ved pause.

Andre omgang starta i like stort tempo som første omgang, og det skulle bli forsvarsklippa Jørgen Helset som auka leiinga for heimelaget. Etter eit presist frispark frå Bård Forbord stanga han kula i nota til 2-0 leiing.
3-0 kom minuttet etter. Hurtigtoget på venstrekanten Markus Forbord klina til, litt for hard til at Vadset makta å avverge.
Deretter var det toppskårar for Sunnylven, Alf Ole Sundgot som la på til 4-0, Henning Frøysa auka til 5-0 og innbyttar Ole A. Ringdal fastsette resultatet i det 90. minutt. Då stod det 6-0 på lystavla etter mål av seks spelarar.

Eit solid resultat å ta med til returoppgjøret mot Ravn måndag 29. oktober. Det skal mykje rart skje om Sunnylven taper med same siffer som Ravn på Hellesylt stadion onsdag kveld. Kampen går på Vatne kl. 19.00

KM-kamp 6. divisjon.
Hellesylt stadion 24.oktober.
Sunnylven – Ravn 6-0 (1-0)
Mål Sunnylven: Hans Kristian Hjellbakk Hole 44, Jørgen Helset 51, Markus Forbord 52, Alf Ole Sundgot 66, Henning Frøysa 84, Ole A. Ringdal 90.
Domar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL.
Publikum: ca. 40
Sunnylven: Eirik Stenberg, Trygve Aaland Tryggestad, Jørgen Helset, Asbjørn Kvam Karbø, Per Ove Frøysa, Eivind L. Helset, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Markus Forbord, Alf Ole Sundgot, Henning Frøysa.
Nytta innbyttarar: Ole A. Ringdal, Leif Rune Tryggestad, Olav Erling Aaland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380