Lokalsport

Tapte, men vann KM-tittelen

Ravn slo tilbake og vann andre KM-kamp mot Sunnylven 5-1 (1-0) Sigeren til laget frå Vatne var likevel ikkje stor nok til tittelen best i 6. divisjon Sunnmøre. Sunnylven vann samanlagt 7-5 og er dermed krinsmeistrar.
Steinar Hjelle – 29.10.2012 21:22:54
Etter første kampen på Hellesylt stadion burde Sunnylven ha full kontroll på sammenlagt seier og kretsmeistertittelen.
6-0 etter første kamp vart til sammenlagt 7-5 etter mandagens returkamp.
Dermed er herrelaget til Sunnylven kretsmester i 6.divisjon sesongen 2012.

Kampen mandag starta med tidleg baklengs for Sunnylven, men Ravn klarte ikkje å score fleire gongar før pause.
Uansett var 1.omgangen svak for Sunnylven sin del og med litt bedre uttelling for vertane kunne det sett verre ut for sammenlagtseieren.

Etter pause var det Sunnylven som tok styringa og då Olav Erling Aaland utligna til 1-1 var KM-tittelen omtrent sikra. Målet kom i gjestane sin beste periode i kampen, men Ravn tok over etter denne utligninga og scora jamnt utover kampen. Til tross for fem baklengs til slutt hadde Sunnylven brukbar kontroll og kunne strekke armane i lufta då dommaren blåste av kampen.

Ein kretsmeistertittel var ei god avslutning på ein god sesong for herrelaget som no kan ta ei fortjent pause fram mot ei ny oppkøyring til 5.divisjon 2013.

Desse spelte i dag:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Eivind Helset, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Alf Ole Sundgot, Markus Tryggestad Forbord.
Nytta innbyttarar var Przemyslaw Kaminski, Olav Erling Aaland og Pål Andre Helset.

Dommar var Stian Tjervåg Fredriksen, Nesodden IF.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380