Korpskonsert fredag kveld
Sunnylven skulekorps arrangerer sin tradisjonelle haustkonsert fredag kl 19.30. I år blir også Skodje skulekorps å høyre i Sunnylven samfunnshus.
Sunnylven skulekorps var nyleg på øvingshelg saman med Skodje skulekorps. Fredag kveld spelar dei to korpsa igjen i same lokale under leiing av Trond Otto Berg.
Det vert eit variert repertoar, musikk med ABBA-låtar, James Bond, og også gjenhøyr med hallingen vi deltok på konkurranse med. Juniorar og aspirantar skal også delta.
I pausa blir det salg av kaffe og brus og noko å bite i.
Styret i Sunnylven skulekorps ynskjer vel møtt til alle på Sunnylven samfunnshus fredag kveld, og håpar at mange har tid til å kome å høyre på.
Det er gratis inngang på konserten.