Lokalnytt

Svingande haustkonsert

Svingande haustkonsert
Svingande haustkonsert

Fredag kveld heldt Sunnylven skulekorps sin årlege haustkonsert med gjenvisitt av musikarar frå Skodje skulekorps til stades. Begge korpsa har Trond Otto Berg som dirigent.

Det var mange frammøtte på haustkonserten til Sunnylven skulekorps og vi trur alle glede seg over korpstonane frå dei unge musikantane. Dei som ikkje var til stades i Sunnylven samfunnshus bør også glede seg, for om få veker er det nytt repertoar når advent og jul nærmar seg.

Korpsa serverte og det svinga flott i storstova i Sunnylven fredag kveld når ni musikantar frå Skodje skulekorps slutta seg til dei femten i korpsrekkene til Sunnylven skulekorps. Det klang godt i murveggane og til tider svaia nesten sceneteppet i takt med dirigent Trond Otto Berg. Det var verkeleg trøkk når popplåtar frå Abba og melodiar frå James Bond, musikalar og Afrikanske rytmer tona ut.
Og «Hallingen» der Kristin Ringdal og Lars Kvam Karbø dansa til var eitt av høgdepunkta. Konserten begeistra til jubel og applaus frå salen.

Også sju juniorar under leiing av Gunnhild Kvam viste prov på kva dei hadde lært til no. Lyd og rytme var upåklageleg og innslaga bekrefta at rekrutteringa til skulekorpset er god og i rute.

Dei to skulekorpsa i Sunnylven og Skodje har i år inngått eit samarbeid med felles øvingar og konsertar og med Trond Otto Berg som dirigent. I september var første øving i lag, og nyleg var det felles konsert på Skodje. Haustkonserten på Hellesylt var den andre mellom dei to.

Hege Ringdal og Emilie Brekke. I bakgrunnen Knut Iver S. Røyrhus.
Hege Ringdal og Emilie Brekke. I bakgrunnen Knut Iver S. Røyrhus.
Fire frå Sunnylven skulekorps, Maria Langeland, Loke Kjellstadli, Andreas Nybø Støverstein, Oddbjørg Stadheim.
Fire frå Sunnylven skulekorps, Maria Langeland, Loke Kjellstadli, Andreas Nybø Støverstein, Oddbjørg Stadheim.
Juniorar i Sunnylven skulekorps. Frå høgre Bertine Lade, Simen Frøysa Hellebostad, Andrea Kjellstad, Viktor T. Fivelstad, Hanna S. Kristoffersen, Knut Iver S. Røyrhus, Loke Kjellstadli.
Juniorar i Sunnylven skulekorps. Frå høgre Bertine Lade, Simen Frøysa Hellebostad, Andrea Kjellstad, Viktor T. Fivelstad, Hanna S. Kristoffersen, Knut Iver S. Røyrhus, Loke Kjellstadli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380