Andre plass i skiskyting
Trygve Aaland Tryggestad gjekk inn til andre plass i skiskyting på Sjusjøen laurdag. Ein sterk prestasjon av 18- åringen som representerer Sunnylven IL / Team Statkraft Nordfjord.
Det gjekk fort i sporet og etter to bom på fire skytingar vart det sølvplass til slutt.
Trygve Aaland Tryggestad var i mål 41 sekund bak vinnaren Carl Jørgen Sundet Flaen, Oslo med tillegg.
Det var fint ver og rundt 10. minus under Normaldistansen laurdag som var flytta frå Birkebeineren til Sjusjøen.
51 løparar fullførte i klasse menn 18 år.
Ingen fleire frå Sunnylven IL deltek under det første rennet i Norgescupen som er første store konkurranse denne vinteren.
Sprint søndag
På sprinten søndag kom Trygve Aaland Tygestad på ein god 20. plass med tida 27.24.9, knappe tre minutt etter vinnaren Anders Sommerstad Juveli, Lier IL.