Lokalnytt

Imponerande julekonsert

Felegruppa blir leia av Synnøve Hjellbakk Hole.
Felegruppa blir leia av Synnøve Hjellbakk Hole.

Når gode song og musikkrefter i Sunnylven samlar seg til julekonsert blir julestemninga kveikt. Søndag kveld kom høgdepunkta tett frå unge og eldre aktørar, noko mange frammøtte sette pris på.

Svært mange fann vegen til Sunnylven kyrkje og den årlege julekonserten søndag kveld. Konserten var av dei gode, det var lett å finne innslag å glede seg over, men langt verre om ein skulle rangere dei.

Flotte instrumentalinnslag
Kristin Storstein song og Gunnar Inge Eide på piano opna julekonserten med Trygve Hoff sin vakre ”Et lys imot mørketida”.

Så var det Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg sin tur. Det unge korpset tel vel 20. musikantar og imponerer stadig vekk. Konserten i kyrkja var eit nytt bevis på talent og dyktigheit der dei hadde leita fram noteark til kjende songar med tilknyting til jul, mellom anna ”Julekveldsvisa” av Alf Prøysen.

Også felegruppa, leia av Synnøve Hjellbakk Hole tel mange musikarar, mange unge der notestativa framleis er i høgaste laget. Men musikken blir smittande kjekt å høyre på i ”En stjerne skinner i natt” og ”I en natt” av Bjørn Eidsvåg.

Sunnylven har ein ung kyrkjeorganist i Lars Kvam Karbø. Søndag inntok han orgelkrakken og leika på tangentane i ”Meinem Jesus lass`ich nicht” av Johann G. Walther. Ei meisterleg framføring av eleven til lærar Gunnar Inge Eide.

Også lærarar i kulturskulen i Stranda, Erik Torset, Trond Otto Berg og Gunnar Inge Eide samla seg på gitar, kornett og piano og spela ”En krubbe var vuggen”. Ikkje rart at det blir gode musikarar frå slike lærarar.

Gledeleg gjenhøyr med prosjektkor
Mellom dei gode songkreftene i Sunnylven er ungdomskoret Joyful. Søndag kveld fekk publikum høyre dei i ”Julestjerne”, ”Engelen min” og ”Kviskre ei bønn” der dirigent for koret Kristin Storstein var solist.

Songøvingane i Hellesylt songlag ligg for tida nede, men til kvar julekonsert i Sunnylven kyrkje dukkar eit prosjektkor opp. På nytt vart det eit gledeleg gjenhøyr med koret som talde berre 17. songarar denne gongen, men kva betyr anntalet når resultatet er stålande.
Den gilde julekonserten i Sunnylven kyrkje vart avslutta med fellesnummer mellom Joyful og prosjektor med Oddbjørg Stadheim som solist i ”Nå vandrer fra hver en verdenskrok”.

Også publikum fekk ta del i songen under julekonserten, først i ”Det lyser i stille grender”, deretter ”Her kjem me dine arme små”, og til slutt ”Deilig er jorden”.
Leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad takka alle aktørane og overrekte blomar til leiarane.

Sunnylven skulekorps med dirigent Trond Otto Berg.
Sunnylven skulekorps med dirigent Trond Otto Berg.
Ungdomskoret Joyful.
Ungdomskoret Joyful.
Lars Kvam Karbø og lærar Gunnar Inge Eide.
Lars Kvam Karbø og lærar Gunnar Inge Eide.
Samsong mellom ungdomskoret Joyful og prosjektkor.
Samsong mellom ungdomskoret Joyful og prosjektkor.
Også lærarar frå kulturskulen bidrog til ein flott konsert, frå venstre Gunnar Inge Eide, Erik Torset, Trond Otto Berg.
Også lærarar frå kulturskulen bidrog til ein flott konsert, frå venstre Gunnar Inge Eide, Erik Torset, Trond Otto Berg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380