Lokalnytt

Juleavslutning ved Sunnylven skule.

Dei tre vise menn, Ola Tobas t.v., Jarl Vegard og Lars.
Dei tre vise menn, Ola Tobas t.v., Jarl Vegard og Lars.

Torsdag kveld baud elevar og leiing ved Sunnylven skule inn til juleavslutning. Det var som vanleg stort frammøte av nære slektningar og andre som kunne glede seg over eit variert og morosamt program.


Sunnylven skulekorps opna frå scena med vakre juletonar, Glade jul og Deilig er jorden. Også aspirantar som strata øvingar i september gav til kjenne at ny rekruttering til korpset er sikra.
Så var det 16. elevar frå fyrste og andre klasse som framførte juleevangeliet. Teksta er den same som alltid, men i år fekk publikum høyre nye songar med tilknyting til julebodskapen.

Elevar frå mellomsteget hadde teke utgangspunkt i ”Skomakergata” og laga sin vri på forteljinga. Det vart ei ”lødig” forestilling med gode replikkar, song og dans.

Tiande klasse hadde sitt siste juleinnslag ved Sunnylven skule, ei sjøldikta forteljinga om eit ektepar som fekk sitt fyrste barn og tre vise menn.

Undervisning og vedlikehald
Rektor Roar Seljeset batt programinnslaga saman med å fortelje frå elevane sine arbeid og aktivitetar gjennom hausten. Som vanleg hadde det vore ein aktivt halvår med turar i naturen og temafordjupningar på skulen i tillegg til vanleg undervisning.
Elevar deltok også i Stranda fotofestival si utstilling med bilete der resultatet vart fantastisk bra, sa Seljeset.
Rehabilitering av Sunnylven skule og samfunnshus vart på kommunestyremøte i juni utsett til 2014. Ein del naudsynte utbetringar på bygninga har blitt gjort, som ventilasjon og varme. Etter kvart vil også taklekkasjar bli utbetra, som over uversskuret slik at toaletta der på nytt kan takast i bruk, sa Roar Seljeset.

Endring i skuleskyss
Torsdag 3. januar er fyrste skuledag ved Sunnylven skule etter nyttår. Frå då blir det endra tider for skuleskyss for elevane frå Ljøen og Bygda. Elevane det gjeld vil få med melding om dette heim.

Fyrste og andre klasse framførte juleevangeliet.
Fyrste og andre klasse framførte juleevangeliet.
Mellom steget hadde med både dans og drama i sitt programinnslag.
Mellom steget hadde med både dans og drama i sitt programinnslag.
Mykje prekt i programmet frå tiande klasse.
Mykje prekt i programmet frå tiande klasse.
Veronica, Emilie, Olene, Ingeborg, Hege og Madelen Seline var forsongarar til julesongar, med Bjarne Sjåstad på piano.
Veronica, Emilie, Olene, Ingeborg, Hege og Madelen Seline var forsongarar til julesongar, med Bjarne Sjåstad på piano.
Juleavslutninga vart avrunda med gang kring treet og ei enkel servering, stelt i standa av FAU ved skulen.
Juleavslutninga vart avrunda med gang kring treet og ei enkel servering, stelt i standa av FAU ved skulen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380