Lokalnytt

Julegrana på Hellesylt lyser

Sunnylven skulekorps spela fleire julesongar då julegrana på Hellesylt vart tent søndag.
Sunnylven skulekorps spela fleire julesongar då julegrana på Hellesylt vart tent søndag.

Til kjente juletonar frå Sunnylven skulekorps vart julegrana på Hellesylt tent søndag. Stunda fann stad første søndag i advent og etter den årvisse juletombolaen til korpset.


Som vanleg var det mykje folk samla under tombolaen på Sunnylven samfunnshus. Masse lodd vart kjøpt og fleire hundre gevinstar fekk sine eigarar. Bygdefolket viser stadig si glede over å ha eit skulekorps og støttar økonomisk i håp om at det vil bestå også i framtida.

Julegrana på Hellesylt har sin faste stad på Ole Ringdal`s plass. Det frodige, høge grantreet som Stranda kommune syter for å få på plass, vart tent til tonar frå Sunnylven skulekorps og med gang ikring. Ei gild stund for mange og spesielt for dei yngste, vil vi tru.

Seremonien vart avslutta med songen ”Deilig er jorden” der mangeårig trubaist i korpset, Arnfinn Tryggestad overtok dirigentstokken frå Trond Otto Berg og losa dei unge musikantane trygt gjennom tre vers av den kjende julesongen.
Eit flott innspel på ein flott, men kald fyrste søndag i advent.

Mange var til stades og mange var med på gangen kring julegrana på Hellesylt.
Mange var til stades og mange var med på gangen kring julegrana på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380