Lokalnytt

Juleverkstad, Luciafeiring og fellesmåltid ved Sunnylven skule

Anette Solli Frøysa t.v., Hanne Kjellstad og Anna Kristine Storstein Forbord med sine fuglematarar.
Anette Solli Frøysa t.v., Hanne Kjellstad og Anna Kristine Storstein Forbord med sine fuglematarar.

Sist veke var det juleverkstad ved Sunnylven skule. Same dag vart også Lucia markert med song og levande lys av dei yngste elevane ved skulen. Etterpå var det bordsete med Sunnylven sanitetslag som vertskap.


Elevane ved Sunnylven skule hadde blanda seg frå alle klassetrinn då dei laga julekreasjonar til pynt og nytte denne dagen. Saks, lim og fargar vart flittig brukt på alle klasserom i begge etasjar.
Vi fekk ikkje med oss alt men dekorerte glas og fargelagt papirklipp som julepynt viste at skulen har mange kreative hender og fingrar.
På snikkarverkstaden vart det produsert fuglematarar der både meisebollar, epler og brød kunne nyttast til fuglemat.

Song for Sancta-Lucia
Som tradisjonen er ved Sunnylven skule var det elevane frå fyrste og andre klasse som stod for Lucia-markeringa.
Inn i matsalen kom dei togande i kvite kapper, med pynt på hovudet, lys i hendene og korger fulle av lussekattar.
Luciafeiringa er til minne om den sesilianske dama som døde som martyr for lenge sidan og blir feira i Norden som Sancta-Lucia og som symbol på lyset i den mørkaste årstida.
Songen som blir nytta på fødedagen til helgendama Lucia er alltid den same, -Svart senker natten seg i stall og stue, solen har gått sin vei, skyggene truer-.
Elevane frå fyrste og andre klasse hadde øvd inn også andre songar med tilknyting til Lucia som dei framførte i matsalen.
Til slutt delte dei ut sjølvbaka lussekattar til alle.

Ein tradisjon
Rektor Roar Seljeset helsa alle til bords, rundt 80 elevar og dei fleste av dei tilsette.
Han takka fyrste og andre klasse for den fine songen, og Sunnylven sanitetslag som spanderte maten.
Juleverkstad var tradisjon ved Sunnylven skule og det same var måltidet som sanitetslaget stelte i stand, i år for 21. år på rad. Han rosa Sunnylven sanitetslag mykje.
-Eitt av hovedmåla til laget er helse og rett mat og det har vi fått i dag. Utruleg flott å få gå til dekka bord i ein varm sal, så tusen, tusen takk for god mat, sa Roar Seljeset før alle applauderte for damene frå Sunnylven sanitetslag som spanderte grovt brød, kjøttpålegg, ost grønnsaker, mandarin, banan, kaffi og 30. liter kakao.

Så var det tilbake til klasseromma og juleverkstad for elevar og lærarar, og ryddejobb for dei ni damer frå Sunnylven sanitetslag.

Fyrste og andre klasse gjekk i Lucia-tog og underheldt med song.
Fyrste og andre klasse gjekk i Lucia-tog og underheldt med song.
Daniel Sæter og Ingrid Julie Hole hadde også laga flotte fuglematarar.
Daniel Sæter og Ingrid Julie Hole hadde også laga flotte fuglematarar.
Anne Grete Kjellstadli Langleite t.v. og Anette Frøysa med masse julepynt av papirklipp.
Anne Grete Kjellstadli Langleite t.v. og Anette Frøysa med masse julepynt av papirklipp.
Ni damer frå Sunnylven sanitetslag laga eit godt og sunt måltid til alle ved skulen og som dei fekk mykje ros for.
Ni damer frå Sunnylven sanitetslag laga eit godt og sunt måltid til alle ved skulen og som dei fekk mykje ros for.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380