Treska kornet i romjula
I romjula vart kornavlinga på garden Karbø i Sunnylven treska. Ei gamal truskemaskin vart rigga opp på låven i driftsbygninga, og ”klenodiet” gjorde jobben.
Våren 2012 vart det sådd bygg på Karbø i Sunnylven. Per Ingebrigt Karbø dyrka noko nytt, han har agronomiske kunnskapar om gjødsling og såing, men prosessar kring hausting av bygg var ukjent.
Dyrkinga var mest for moro skuld, så åkeren han og hans gode hjelparar sådde var ikkje av dei store, kring 0.3 dekar. Seksradsbyggen trivdes godt i morenejorda på Karbø, det ubeisa såkornet spirte og vaks gjennom sommaren, utan legde og utan floghavre og anna ugras. Det vart ein gul og flott byggåker som kunne skjærast i september.
-Eg søkte råd hos fleire, mellom dei mangeårig forvaltar i Hellesylt Bygdetun, Karl Johan Øie. Kornavlinga er nok den fyrste på Karbø sidan andre verdenskrig, men kom godt i hus og no skal kornet gjerast til mjøl for baking av flatbrød.
På garden her har vi eiga nyrestaurert vasskvern, så dette blir prosessen slik den var i ”gamle dagar”, seier Per Ingebrigt Karbø medan det eine kornbandet etter det andre rasar igjennom truskemaskina.
Under hausting vart byggavlinga bunta i kornnek som vart hengde til tørk i låven. I romjula var tida koma for å treske avlinga, få skilje kornet frå halmen.
Til denne prosessen vart det henta inn ei gamal truskemaskin. Med reimskive på traktoren som drivkraft fungerte det som det skulle.
Korn og snerp datt ned for seg sjølv, medan halmen fauk litt leger og blei teken bort av sonen Helge.
Snart var treskejobben gjord. Truskemaskina skulle bytast ut mot ei drøftemaskin, også den av det gode, gamle slaget. Snerp og anna rusk skulle blåsast vekk, for berre sjølve byggkornet skulle samlast i sekkar og malast på kverna til mjøl.
-Vi gjer dette for moro, men slik var det nok ikkje i ”gamle dagar”. Då var kornavlingane meir enn viktig som mat, seier «korndyrkar» Per Ingebrigt Karbø.