Lokalnytt

Året 2012

På Hellesylt Camping var det store øydeleggingar etter juleorkanen.
På Hellesylt Camping var det store øydeleggingar etter juleorkanen.

Vi har starta på et nytt år, på 2013. I eit attersyn ser vi tilbake på året som gjekk, på litt av det som skjedde av store og små lokale hendingar gjennom året. Her dei seks fyrste månadane.

Januar.

Romjulsorkanen ”Dagmar” sine herjingar prega årets fyrste månad. Kunstgrasbana på Hellesylt stadion vart øydelagt og Hellesylt Camping såg ut som ei krigssone. Også mykje skog velta og vart øydelagt.
Jens Arve Forbord vart trenar for Sunnylven sitt herrelag i 6. divisjon, og Hans Hole fekk ansvar for å trene samarbeidslaget for damer Sunnylven/Stranda i 3. divisjon. Trenarane og dei to laga fullførte sesongen med suksess.
Det vart arrangert pensjonistfest og skiskyttargruppa starta sesongen med cuprenn i Hyttehola.
Sunnylvscup på ski kom i gong, det same gjorde arbeidet for å ”berge” kunstsenteret Peer Gynt Galleriet til lokalt eigarskap.
Bygginga av cruisekaia var i rute, og Marianne Fivelstad tok attval som leiar i Hellesylt Ungdomslag.

Februar.
Knut J. Tryggestad heldt fram som leiar i Sunnylven Pensjonistlag.
Direct Connect betrar breibanddekninga med ny sendar på Geitfjellet.
Lag, organisasjonar og enkeltpersonar blir inviterte til aksjekjøp i Peer Gynt Galleriet.
Kjetil Frøysa og Jon Fredrik Hopland gjekk til landsmønstringa i UKM med rap-låt.
Biblioteket i Sunnylven blir foreslått nedlagt.
HUL-teatret framfører romjulskomedia ”Lyst på livet” to månader seinare enn planlagt grunna uhell for hovedrolleaktør under ”Dagmar”.
Jens Vik blir ny leiar i Sunnylven Idrottslag, og Sunnylven Bondelag arrangerer førstehjelpskurs med 15. deltakarar.
Kulturkvelden for Peer Gynt Galleriet gav 250.000.- kroner i ny aksjekapital som då runda 2.6 mill. kroner.

Mars.
Villa Norangdal var nominert til ”Årets reiselivsperle”. Det var Åmot Operagard.
Det vart halde karneval i Sunnylven Barnehage og Sveabakkfonna sperra rv. 60 i eit par timar.
Trygve Aaland Tryggestad vart krinsmeister i skiskyting og det vart gode plasseringar i junior-NM, også for Helge Kvam Karbø.
Utbedring av stormskada Hellesylt stadion dreg ut, og planlegginga av dei 25. Sommardagar på Hellesylt er i gong.
Anniken Hjellbakk Hole og Paul Tronstad deltok i ”Birken” med gode tider og plasseringar i sine klasser, Anniken for 3. gong, Paul gjekk sitt 24. løp.

April.
Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad fekk Tine sin 10-års plakett for godt mjølkestell.
HUL restaurerer badehuset og planlegg gjenreising av stupetårn.
30. mars overtok ”bygdefolket” Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Kjøpesum 6.5 mill. kroner.
Påskebingoen med premiefest for Sunnylvscup på ski gav 30.000.- kroner i brutto til skigruppa.
Lokale interesser ynskjer å overta Gamleskulen på Hellesylt, og kommunen held folkemøte og orienterer om ny reguleringsplan for Hellesylt sentrum.
Foreninga Gamleskulen Aktivitetsmuseum vart skipa.
Sunnylven herrer taper 1-3 i opningskamp 6. divisjon mot Åmdal. Det skulle gå betre seinare.
Også damelaget taper opningskampen i 3. divisjon. Herd vann 4-2.

Mai:
Fyrste generalforsamling i Peer Gynt Galleriet vart halde 1. mai. 219 aksjonærar hadde invester 2.833.000.- kroner i ny aksjekapital. Tre firedeler av dette var representert under generalforsamlinga der Øystein Ljøen vart vald til styreleiar i det nye eigarselskapet.
1. mai starta turistferja Bolsøy på ruta mellom Hellesylt og Geiranger og vart helsa med salutt på fyrste tur.
Sunnylven sanitetslag feira 100 år 4. mai med stor jubileumsfest på Peer Gynt Galleriet.
Sogn og Fjordane Teater viste forestilling om Matias Orheim i Sunnylven kyrkje.
I kyrkja var 12. konfirmert 6. mai av prost Svein Runde.
Ole Ringdal AS hausta fleire prisar i NM kjøtvarer og inviterte til pølsefest for alle ved Sunnylven skule.
Hellesylt blir pynta med store blomsterkrukker for fjerde år på rad.
NRK førebur sending frå Hellesylt og cruisekaiopning. Opninga av Hellesylt kai 17. mai med cruiseskiper Empress ved kai var storslagen med TV-overføring, taler, overrekking av blomar og gåver, og musikkinnslag.
Nettstaden hellesylt.no noterte rekord så langt med 5048 treff frå kl. 08.00 til 22.00 på 17. mai.
Trimgruppa rydda råsa til Liadalen, og Sunnylven herrer slo Sæbø 2-1. Damelaget ”knuste” Langevåg 14-1.

Juni.
Coop Marked Hellesylt fekk ny butikksjef. Oddrun Bente Lødøen Helset tok over etter Oddbjørn Tryggestad.
Litlebø Kraftverk vart opna 1. juni. Også Ringdal Kraftverk kom i drift denne våren.
På Hellesylt deltok tretti damer i den lokale Jentebølgen, og det 272 meter lange cruiseskipet Costa Fortuna la til ved nyekaia. Seinare kom Costa Deliziosa på heile 294 meter.
Trimtreffet på Sætre-setra samla 46 unge og eldre, og på Flofjellvegen vart det rydda etter ”Dagmar”.
Sunnylven IL fekk hjartestartar av Sparebanken Møre og ti personar lærte seg bruken av den.
Servering av potetball på Peer Gynt Galleriet kvar torsdag vart ein suksess gjennom heile sommaren.
Sunnylven skulekorps deltok på korpsstemne på Nordfjordeid, og Sunnylven skule hadde sommaravslutning 19. juni.
Mange feira jonsok på badestranda på Hellesylt, og i slutten av juni flytta biblioteket inn i nye lokale i Kyrkjelydshuset.
Dei siste planleggingane vart gjorde for Sommardagar på Hellesylt.

Mange slutta opp om aksjekjøp for å berge Peer Gynt Galleriet på "lokale hender". I februar passerte beløpet 2.6 mill. kroner.
Mange slutta opp om aksjekjøp for å berge Peer Gynt Galleriet på «lokale hender». I februar passerte beløpet 2.6 mill. kroner.
I mars sperra Sveabakkfonna rv. 60 i nokre timar.
I mars sperra Sveabakkfonna rv. 60 i nokre timar.
Padlekonkurransen under X2-festivalen i Ørsta var lagt til Bygdaelva.
Padlekonkurransen under X2-festivalen i Ørsta var lagt til Bygdaelva.
Cruisekaia, eller Hellesylt kai vart opna 17. mai med Tv-overføring, masse folk og stor feiring.
Cruisekaia, eller Hellesylt kai vart opna 17. mai med Tv-overføring, masse folk og stor feiring.
Litlebø Kraftverk vart opna 1. juni. Det same vart Ringdal Kraftverk tidlegare på våren.
Litlebø Kraftverk vart opna 1. juni. Det same vart Ringdal Kraftverk tidlegare på våren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380