Lokalnytt

Kom i tvil og snudde

-

I bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger kan ein lese så mangt. Inn mellom faktaopplysningar, finn ein også forteljingar som kan dragast i tvil.

I Nibbedalen ligg ein diger stein like attmed vegen. Den har si spesielle historie frå langt tilbake i tida og fortalt i bygdeboka;
-” Tvilarsteinen” ligg ved vegen i Sætreøyane. Han fekk namnet sitt av at ein friar var på veg heim i grenda for å gjere det visst med den jenta han hadde fria til. Her attmed steinen sette han seg ned og kom så i tvil om ho var den rette.

Friaren hadde gått langt, men historia vil ha det til at der ved steinen snudde han og gjekk heim igjen. Om historia om friaren og ”Tvilarsteinen” er sann, ja det kan kanskje nokon tvile på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380