Lokalnytt

Øcal kafe blir pussa opp

Ramazan Øcal ved den nye serveringsdisken.
Ramazan Øcal ved den nye serveringsdisken.

Ved nyttår stengte Øcal kafe på Hellesylt for å pusse opp lokala. Arbeidet har pågått i heile januar og om to til tre veker skal det vere klart for opning.

Fredrik Stadheim – 27.01.2013 22:29:46
Ramazan Øcal har jobba med å fornye lokala til den populære kafeen og pizzarestauranten på Hellesylt. Det blir eit lokale som faste kundar knapt vil kjenne seg igjen i. Sjølve lokala i restauranten er gjort større ved at veggar og ein serveringsdisk er fjerna. Berre ein pub-disken skal stå igjen der gjestane kan bestille mat og drikke.

Ramazan Øcal kan meir enn bake pizza og laga god norsk mat. Under renoveringa av lokala har han leigd fagfolk til spesielle jobbar som å setje inn nye vindauge, flislegging på toaletta og til å legge nytt belegg på heile golvet. Elles gjer han arbeidet sjølv.
-Eg lærer etter kvart, seier han, for yrkesutdanninga vart ikkje innan bygningsfaget.
Det skulle ein knappast tru, for alt ser fagmessig ut.

I kafeen slik han var før var der kring førti plassar, no blir det rundt seksti. Mykje arbeid står att, men med jobbing gjennom lange dagar reknar han med opning i februar. Då blir det høve til å kjøpe pizza og god norsk mat igjen.
Opningstider ut over vinteren blir som før, i helgane og på kveldstid midt i veka.

Mot kjøkkenet har det blitt ein dekorativ "murvegg".
Mot kjøkkenet har det blitt ein dekorativ «murvegg».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380