Lokalnytt

Røynde hender laga fastelavnsris

doc_3274_2

Bjørkeriset låg i dungar ut over golvet i arbeidsstova ved Sunnylven omsorgssenter måndag. Der vart det bunta saman av drevne hender til flotte fastelavnsris.

Fredrik Stadheim – 28.01.2013 14:13:31


Det nærmar seg fastelavn og sanitetsdamene i Sunnylven førebur ei av sine faste inntektskjelser, det årlege salet av fastelavnsris. Eit sal som Norske Kvinners Sanitetsforening og medlemslaga har einerett på.

I arbeidsstova var fleire sanitetsdamer samla, men litt færre denne gongen enn tidlegare år. Produksjonen gjekk likevel unna, det var røynde hender som var samla så målet om 150 bukettar ville nok bli nådd også denne gongen, trudde dei.

Alle fastelavnsris har sin faste design, ei høveleg mengde bjørkeris blir bunta saman og deretter pynta med fargeglade fjør. Til slutt blir eit merke med saniteten sin logo festa på.
Salet startar i god tid før fastelavn som er andre helg i februar og prisen blir som før 50.- kroner.
Når seljarane kjem rundt vil dei også selje store farga fjør. Desse skal brukast til å pynte eit tre i Hellesylt sentrum. Meir om dette tiltaket seinare.
Inntekta av årets sal går i si heilheit til ein lyktestolpe ved Peer Gynt Galleriet, har styre i sanitetslaget vedteke.

Praten gjekk lett og lystig og arbeidet var effektivt då vi stakk innom. Snart skulle det bli ein liten pause i jobbinga med kaffi og påsmurte bollar på bordet.

Oddny Rudi t.v., Anne Gausdal og Kirsten Gjørvad sorterte og bunta bjørkeriset saman.
Oddny Rudi t.v., Anne Gausdal og Kirsten Gjørvad sorterte og bunta bjørkeriset saman.
Rundt bordet til høgre, nærmast Solbjørg Alme, Anna Jorunn Ljøen, Åse Lie, Gunnvor Ringdal. Til venstre, nærmast Ruth Tronstad, Liv Hellebostad, Kjelly Frøysa og Ruth Nygård Frøysa.
Rundt bordet til høgre, nærmast Solbjørg Alme, Anna Jorunn Ljøen, Åse Lie, Gunnvor Ringdal. Til venstre, nærmast Ruth Tronstad, Liv Hellebostad, Kjelly Frøysa og Ruth Nygård Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380