Lokalnytt

Sel fastelavensris for lysstolpe

Ingeborg var i skogen og henta bjørkeris saman med mormor Kari. Det skulle det bli fastelavnsris av.
Ingeborg var i skogen og henta bjørkeris saman med mormor Kari. Det skulle det bli fastelavnsris av.

Andre søndag i februar er det fastelavn og fram til då er sanitetskvinner over heile landet ute med sal av fastelavnsris. Alt overskotet som Sunnylven sanitetslag har av salet går til lyktestolpe ved Peer Gynt Galleriet.

Måndag 28. januar samlast sanitetskvinner i Sunnylven på arbeidsstova ved Sunnylven omsorgssenter for å lage årets fastelavnsris.

Før det har gode hjelparar vore i skogen og henta bjørkeris og då går det som på eit samleband i arbeidsstova med å produsere høveleg store risbuntar og hekte på fargerike fjør.
Sanitetslaget håper mange møter opp til binding av fastelavnsris også denne gongen. Det vankar både kaffi og kaker og mykje godt prat under desse arbeidsøktene, har vi fått høyre.

Sunnylven sanitetslag lagar om lag 150 bukettar kvart år, og prisen blir 50.- kroner.
I tillegg vil sanitetskvinnene selje store fjør som skal pryde eit tre i sentrum rundt fastelavn. Meir om dette tiltaket seinare.

Sal av fastelavnsris er ei av sanitetslaga sine største inntektskjelder. Det starta i 1946 og sidan har salet auka årleg. I 2009 vart det på landsplan selt 160.000 fastelavnsris og 7.0 mill. kroner kom inn til helse og andre gode formål i bygd og by.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380