Til topps i VM skiskyting
Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL, gjekk heilt til topps og sikra seg gullmedalje på normalprogrammet under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting i Vik i Sogn søndag.
27.01.2013 22:50:09
Tryggestad deltek i klasse M18 der konkurransen var knallhard om gullet. Sigeren måtte han dele med Lars Midthjell Gjørven, Markane IL som fikk same tid. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL vart nr 3.
Tryggestad skaut best, men bak kom raskare Gjørven i eit skikkeleg spurtoppgjer inn mot mål. Begge visste at den som kom fyrst over målstreken ville gå til topps. Tryggestad helt unna og var fyrst over mål, men sidan det var normalprogram, var Gjørven inne på same sekundet og dermed delt sigeren.
På sprinten laurdag kom Trygve Aaland Tryggestad på fjerde plass. Her vann Isak Flo Bødal med Lars Midthjell Gjørven på sølvplass. Anders Hjartnes frå Fana IL fekk bronsemedalje.