Lokalnytt

Tunneldriving i rute

Eit nytt steinlass er henta ut frå tunneldrivinga som pågår frå Ljøen mot Streketunnelen
Eit nytt steinlass er henta ut frå tunneldrivinga som pågår frå Ljøen mot Streketunnelen

Tunneldrivinga på fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Stranda går som planlagt. Det blir sprengt ut ny tunnelen frå Ljøen mot Hellesylt, og i tillegg blir det ny veg, bru og utsiktspunkt ved Ljøelva.

Andre byggesteg består av ny tunnel frå Ljøen mot Hellesylt i ei lengde av 1850 meter. Den blir knytt saman med Streketunnelen.

Arbeidet går som planlagt, men i starten og i om lag 50 meters lengde var tunneldrivinga litt utfordrande med berre 1.5 meter fjell og ein bekk over tunneltaket. Alt gjekk bra og bekken renn fortsatt på utsida og over tunnelen, skriv Vegvesenet på si nettside.

Sikrar tunnelen
I slutten av januar er entreprenøren Skanska Norge AS komne 635 meter inn i fjellet, fortel byggeleder Arne Ola Stavseng. Steinmasse frå 50 til 70 meter blir henta ut i veka, på det meste opp i 77 meters lengde, fortel han.
Tak og veggar i tunnelen blir sikra med boltar og dekka med sprutbetong etter kvart som ein ”gnagar” seg innover. Steinmassane blir brukte til bygging av rasvollar ved Røyr.

Sikrar straumforsyninga
I Streketunnelen som er ferdig er det lagt høgspentkabel med trafostasjon for kvar kilometer. Det same blir gjort i den nye, fortel Arne Ola Stavseng. Når heile arbeidet er ferdig i 2013 kan Sunnylven også få elforsyning frå Stranda med god kapasitet og stå langt betre rusta ved straumbrot frå sør.

Storslagent utkikspunkt
I rassikring byggesteg to høyrer også med omlag 500 meter veg i dagen på Ljøen og ei 56 meter lang bru over Ljøelva.
Ved brua skal det byggjast ein rasteplass med utsikt til der dei tre fjordane møtes, Storfjorden, Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden. Eit fantastisk utkikkspunk som får stor parkeringsplass både for personbilar og bussar.

Arbeidet med byggesteg to starta i mars 2011 og er berekna å koste 250 mill. kroner. Det heile skal vere ferdig hausten 2013.
Alt er i rute, så det ligg an til opning som planlagt, seier byggeleder Arne Ola Stavseng.

Den nye Streketunnelen er ljos og tett, ein tunnel av høg standard.
Den nye Streketunnelen er ljos og tett, ein tunnel av høg standard.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380