Lokalnytt

Aktivt år i Sunnylven sanitetslag

Styret i Sunnylven sanitetslag i jubileumsåret. Framme frå venstre: Ruth Hole Aaland, Kari Hauso Stadheim, Ester Kjellstadli, Ingebjørg S. Fivelstad. Bak: Ruth Nygård Frøysa, Solbjørg Alme, Anne Marie Ljøen. Elise Rørhuus Øie var ikkje til stades.
Styret i Sunnylven sanitetslag i jubileumsåret. Framme frå venstre: Ruth Hole Aaland, Kari Hauso Stadheim, Ester Kjellstadli, Ingebjørg S. Fivelstad. Bak: Ruth Nygård Frøysa, Solbjørg Alme, Anne Marie Ljøen. Elise Rørhuus Øie var ikkje til stades.

Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte med 16 medlemer til stades. Ei positiv årssamling etter eit svært aktivt år i laget.

Sunnylven sanitetslag runda 100 år 4. mai i fjor. Jubileumsfesten vart halden på Peer Gynt Galleriet for fullsett sal og med mykje flott underhaldning.

Ei fyldig årsmelding fortalde elles om stor aktivitet med både medlemsmøter, loppemarknad under Sommardagane og nært samarbeid med andre lag som Pensjonistlaget om turar og andre tilstelningar.

Også økonomien i laget er solid med ei brutto omsetning på 150.000.- kroner og eit overskot på 43.000.- kroner.
Laget delte ut gåver til fleire på til saman 17.000.- kroner i 2012.
Sunnylven sanitetslag har eigardeler i Kyrkjelydshuset, partar i Sunnylven samfunnshus og aksjar i Peer Gynt Galleriet der laget gjekk inn med 60.000.- kroner i fjor.

Val.
På val til styret stod Kari Hauso Stadheim og Solbjørg Alme. Sistnemde sa frå seg attval og nytt styremedlem vart Britt Hauge.

Styret i Sunnylven sanitetslag er:
Ruth Nygård Frøysa, Kari Hauso Stadheim, Elise Rørhuus Øie, Ruth Hole Aaland, Britt Hauge (ny).
Laget har ikkje valt leiar, men styret deler oppgåver mellom seg.

Varamedlemer:
Ester Kjellstadli, møter fast på styremøter, Anne Marie Ljøen, Ingebjørg S. Fivelstad.

Valnemnd:
Solfrid O. Lien, Anne Gausdal, Laila Røyrhus.

Arbeidsplan for året.
Årsmøtet drøfta saker laget skulle arbeide med i år, mellom anna dette:
* Medlemsmøte med kommuneoverlege Anne-Marte Rørvik til stades.
* Kombinert laurdagskafe / Pensjonistfest 13. april.
* Påskelunsj og 30-års jubileum i Sunnylven barnehage.
* Møte med leiinga på omsorgssenteret om organisering av diverse trivselstiltak for pensjonistane.
* Laget er truleg også på plass i Gatå med loppemarked på andre dag av Sommardagar på Hellesylt, laurdag 6. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380