Lokalsport

Gjekk til sølv i junior NM

Helge Kvam Karbø slo til med sølvmedalje i fellesstart i NM skiskyting for junior. Resultatet er det aller beste til no av den unge, lovande skiskytteren.

Fredrik Stadheim – Puerto Rico

Norgesmeisterskapen i skiskyting vart arrangert i helga.
Sunnylven IL var representert med Helge Kvam Karbø og Trygve Aaland Tryggestad. Begge går skiskyttarlina ved Stryn vidaregåande skule og er del av team Nordfjord.
Helge var 18.3 sekund bak vinnaren i klasse M 18, Ole Andreas Flotten, Oppdal IL, etter kun eit bomskot på fire skytingar.
Sølvmedalje er det beste nokon vinteridrettsutøvar frå Sunnylven IL har oppnådd på mange år.

Også Trygve Aaland Tryggestad gjorde det godt i same konkurranse og klasse. Han kom i mål til 14. plass, 2,05 bak vinnaren.
Trygve lukkast ikkje så godt med skytingar denne gongen. Det vart fire bom på tjue skot og dermed fire strafferunder.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380