Lokalnytt

Grand Hotell opnar til påske

Snart er det ny drift ved Grand Hotell på Hellesylt igjen.
Snart er det ny drift ved Grand Hotell på Hellesylt igjen.

Om alt går etter planen blir det opning av erverdige Grand Hotell på Hellesylt til påske. Ramazan Øcal har inngått leigekontrakt med eigar 62° Nord.

Ramazan Øcal har nyleg pussa opp Øcal kafé på Hellesylt som han driv.

I fjor leigde han motellet på Hellesylt av 62° Nord for overnatting, noko Hellesylt har knapt på i turistsesongen.

No satsar Øcal vidare innan service -og turistnæringa med å leige heile det gamle hotellet på Hellesyltneset. Nyleg gjekk han inn ein fem-års leigekontrakt med eigarane av hotellet som har stått ubrukt dei to, tre siste sesongane.

Til påske blir dørene opna igjen for innsteg i dei gamle, tradisjonsrike lokala.
Men fyrst må ein del ordnast på, seier Ramazan Øcal. Der har oppstått lekkasje i taket som skal utbetrast ein av dei fyrste dagane, og kjøkkenet skal ha full renovering.
Eit betydeleg rydde og vaskearbeid må til, og kanskje må både målar -og lakkost fram, seier Ramazan Øcal som satsar på å gjere mykje av oppussinga sjølv saman med slektningar.

Pizzakafeen ved Hellesyltfossen skal drivast som før, så med opning av Grand Hotell og motell vil verksemda føre til fleire arbeidsplassar på Hellesylt i sommarsesongen, seier Ramazan Øcal.

Til påske blir det opning av Grand Pub om alt går etter planen for Ramazan Øcal.
Til påske blir det opning av Grand Pub om alt går etter planen for Ramazan Øcal.
Resepsjonen i Grand Hotell er eit ljost rom som ikkje treng mykje oppussing.
Resepsjonen i Grand Hotell er eit ljost rom som ikkje treng mykje oppussing.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380