Lokalnytt

Song for mange

Joyful song på både engelsk og norsk under korkafeen laurdag. (Foto: Mariann Sundgot Frøysa)
Joyful song på både engelsk og norsk under korkafeen laurdag. (Foto: Mariann Sundgot Frøysa)

Mange var innom Joyful sin korkafé på laurdag. I tillegg til diverse sal i eit par timar vart det også flott korsong av ungdomskoret Joyful.

Joyful har reisemålet klart til hausten. Dei vil oppleve Oslo Soul Children festival igjen, slik dei har gjort fleire gonger tidlegare. No samlar dei inn midlar for å betale kostnadane med reise og opphald under festivalen i slutten av september.

Korkaféen på Sunnylven kyrkjelydshus gav 5.800.- kroner i reisekassa og godt besøk av unge og eldre, fortel dirigent for ungdomskoret, Kristin Storstein som tykte det var eit bra resultat. Men turen til Oslo kostar seier ho, så nye tilstellingar for å fylle opp reisekassa er under planlegging.

Til påske skal musikalen ”Har du hørt det” som vanleg framførast i kyrkja av ungdomskoret Joyful. Der blir også prost Svein Runde til stades. Etterpå blir det kyrkjekaffi og anna servering på kyrkjelydshuset, i tillegg til song av koret, fortel Kristin Storstein.

Til hausten deltek koret for fjerde gong på Oslo Soul Children festival, ein songfest som har vakse mykje. Fyrste gong Joyful var med var i 2005, då deltok 400 songarar, i 2007 var 1100 med og i 2011 var talet 1100. I år trur Kristin at korsongarane vil telje kanskje 2000 frå både USA, Tyskland og andre land langt vekke.

Om vi skal synge i eiga avdeling er ikkje bestemt, men vi blir nok med på det store felleskora som i år blir delt i to grunna talet songarar, seier Kristin Storstein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380