Sunnylven sanitetslag med fastelavnstre
Sunnylven sanitetslag inviterer næringslivet og privatpersonar til å bidra med pynt til eit fastelavnstre på Peer Gynt Galleriet. Ei stor bjørk skal oppstasast med store fargerike fjør.
I samband med fastelavn arrangerer Sunnylven sanitetslag laurdagskafe 9. februar på Peer Gynt Galleriet. Kafeen blir open mellom kl. 11.30 – 14.30.
Det blir sal av kaffi, saft, smultbollar og vanlege bollar som kan fyllast med sylte og krem.
I tillegg sel sanitetslaget fastelavnsris til 50.- kroner og nye profileringsprodukt, koppar og skåler som er spesielt laga for fastelavn, opplyser styret.
Som nemt skal det pyntast eit fastelavnstre. Ei stor bjørk vil bli plassert i inngangspartiet på Peer Gynt Galleriet. Til pynt sel sanitetslaget store fargeglade fjør som kostar 20.- kroner kvar.
Leiinga i sanitetslaget utfordrar bedrifter og privatpersonar til å kjøpe fjør og støtte tiltaket slik at det blir eit flott tre som kan symbolisere den dugnadsglede og initiativ som sunnylvingar er så stolte av.
Styret i Sunnylven sanitetslag har vedteke at overskotet frå sal av fastelavnsris og store fjør skal gå til lysstolpe ved inngangen til Peer Gynt Galleriet,