Lokalnytt

Blomar til Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad til venstre fekk blomar frå produsentlaget, overrakt av leiar Tor Lie.
Jan Ove Tryggestad til venstre fekk blomar frå produsentlaget, overrakt av leiar Tor Lie.

Leiar i Sunnylven og Stranda Produsentlag, Tor Lie overrekte Jan Ove Tryggestad blomar under årssamlinga på Hellesylt onsdag kveld. Tryggestad sa frå seg attval som tillitsvald i Tine i fjor vår.

I 15 år, frå 1997 til 2012 var Jan Ove Tryggestad med i meieriselskapet Tine, både som styrerepresentant og styreleiar.
Det var nærmast ved ei tilfeldigheit at han kom inn i styret for Sunnmøre Meieri i 1997, kunne Tryggestad fortelje. Året etter vart det fusjon med Sogn og Fjordane.

Jan Ove Tryggestad har vore oppteken og god støttespelar av landrukssamvirke som bonde, og samvirke er enno viktigare i dag enn nokon gong.
Men som aktuell styremedlem i Sunnmøre Meieri i 1997 heldt han på å miste sitt kandidatur då han fortalde at han var leverandør til det private slakteriet Ole Ringdal a/s på Hellesylt.
Han var lokalpolitikar då som no og var lojal til ei lokalt forankra bedrift. Difor gjorde han det klart at om ikkje lojaliteten til viktige lokale arbeidsplassar vart akseptert var han uaktuell som tillitsvald. Standpunktet vart akseptert.

Tryggestad rosa samarbeidet i det utvida meieriselskapet og sa at den viktigaste saka han var med på å vedta var bygging av meieriet på Byrkjelo.
– Anlegget har produsert gode varer og vore ei pengemaskin i Tine-konsernet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380