Lokalnytt

”Bygdarane” serverer laurdagsgodt

"Bygdarane" har førebudd seg til å servere nye, spenstige historier og godteri på laurdag.
«Bygdarane» har førebudd seg til å servere nye, spenstige historier og godteri på laurdag.

Den årlege grendakvelden med historietime og anna krydra greinaløyse nærmar seg. Laurdag kveld presenterer ”Bygdarane” siste nytt om dagleglivet i heimegrenda og det nære omland frå scena i Sunnylven samfunnshus.

På laurdag inviterer Hellesylt Ungdomslag til grendakveld for 36. gong, eit sosialt treff der latteren brukar å få utfalde seg. Denne gongen er det ”Bygdarane” som har fått oppdrag med å snekre i hop programmet frå scena, og jobben har dei teke på alvor.

-Vi har hatt mange møter og jobba med tekster, mellom anna til fleire songar. Det har blitt mykje øving og vi trur vi har fått til eit godt program. Og bygdarane blir vel litt tulne og galne utan seletøy og taumar, seier Britt Hauge, ei av seksten aktørar som entrar scena laurdag kveld og legg til;
-Gjer dokke klare til laurdagsgodt, salt, søtt og surt.

Etter det timelange programmet blir det servering av spekemat, dessert, kaffi og dans med gruppa Sixpack. Det blir full valuta for inngangsbilletten, seier leiar i HUL, Marianne Fivelstad.

Arrangøren har førehandssal av billettar frå kl. 12.00 på laurdag i vestibylen på Sunnylven samfunnshus.
Billettprisar er: Program, servering og dans, kr. 350.-. Berre dans kr. 150.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380