Lokalsport

Gullfest i Sunnylvscupen

Det blenkte i gullmedaljer i pausen under påskebingoen til skigruppa i Sunnylven IL. Då fekk 86 unge skiløparar sine premiar for innsatsen i årets langrennscup.

Som vanleg var det stuvande fullt i Sunnylven samfunnshus då skigruppa i Sunnylven IL arrangerte påskebingo med premiering for Sunnylvscupen i langrenn.

Arrangøren hadde fått masse flotte gevinstar frå bedrifter i Stryn, Hornindal, Sunnylven og Stranda.
Mange kunne glede seg over gevinst etter rette bingotal, men den store hopen gjekk nok heim med minnet om det siste talet som ikkje kom.

Ein glad kveld vart det i alle høve for 86 unge langerennstalent som fekk sine fine, blanke gullmedaljer for deltaking i Sunnylvscup på ski.

Det var nær rekorddeltaking i år med 86 premierte, sjølv om vinteren vart uvanleg snøfattig og berre tre cuprenn kunne avviklast.
Medaljene vart delt ut av langrennsjenta Anniken Hjellbakk Hole, ei av norges beste over lange distansar med mellom anna 14. beste tid i Birkebeinerrennet nyleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380