Henta med trakkemaskin
Søndag for vel ei veke sidan var Per Joar Paulsen og kona på skitur til Røyrhusnibba. På heimturen gjekk det gale i eit fall ved appelsinhaugen.
Per Joar Paulsen frå Sykkylven hadde hatt ein flott tur til Røyrhusnibba. På tur tilbake til bilen i Kjellstadli var uhellet ute ved appelsinhaugen i Terdalen. I eit ikkje alt for dramatisk fall skada han seg i høgre foten og fekk problem med å kome vidare.
Tvil om fylkesgrensa
Dei hadde sett trakkemaskina til Sunnylven IL stå parkert ved hovedvegen i Kjellstadli, fortel Paulsen og kona la i veg for å hente hjelp der. Men trakkemaskina var låst og ingen sjåfør i nærleiken så dei ringte til naudtelefon 113. Der var dei usamde om kven som skulle redde Paulsen, om det var Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. På skituren hadde han kryssa fylkesgrensa og spørsmålet var kva side skaden oppsto.
Kaldt
Etter litt vart sjåfør Trond Åge Dyrkorn i Sunnylven IL kontakta. Han kasta kjeledress og høygaffel i fjøsstellet og etter kort tid starta han mot Terdalen med trakkemaskina saman med Tor Odd Kjellstadli.
Paulsen fortel at han fraus frykteleg, klokka var åtte om kvelden og sola var gått ned. Han fraus så han rista, han måtte berre bevege seg og gjekk eit godt stykke sjølv om det var vanskeleg med ei skada fot.
Har sendt bergingsløn
Han var glad då han såg trakkemaskina kome. Paulsen kom trygt til hovedveg i Kjellstadli igjen og det er han svært takksam for og rosar mykje dei to dyktige karane som kom til unnsetning.
Han har overført 2.000.- kroner til Sunnylven IL for berginga. Pengane har han overført til idrettslaget, for dei to sjåførane ville ikkje ha noko for jobben. Til dei har han sendt kvar sin stor blomsterbukett. Paulsen gjentek at han er utruleg takksam for at dei kom så raskt som dei gjorde.
Per Joar Paulsen sleit eit scenefeste i høgre kneet i fallet. Onsdag i veka før påske skal kneet opererast og skaden utbetrast. Opptreninga etterpå kan ta opptil eit år har han fått seg fortalt, så skitur denne påska rekk han ikkje, seier han.