Lokalsport

Mange deltok i Volda

Emilie Brekke kom på 3. plass i J 14. år.
Emilie Brekke kom på 3. plass i J 14. år.

Volda T & IL opna sitt nye, flotte skiskyttaranlegg i helga med krinsrenn og kring hundre løparar til start både laurdag og søndag. Fleire frå Sunnylven IL skiskyttargruppe var mellom deltakarane.

Foto: Magne Brekke
I klasse J 12 år vart Andrine Støverstein nr. 2, og i J 13 år gjekk Inger Ringdal Sæter heilt til topps etter god skyting og fart i løypa. Emilie Brekke vart nr. 3 i J 14 år, og Jørgen Ringdal Sæter og Lars Kvam Karbø kom på andre og tredje plass i G 16 år.

Her er deltakarar og plasseringar for løparar frå Sunnylven IL søndag:
G 9-10 år:
Ruben Støverstein.
G 11 år:
4. Jakob Sæter, 6. Simen Frøysa Hellebostad.
G 12 år:
5. Kasper Ringdal.
J 12 år:
2. Andrine Støverstein
J 13 år:
1. Inger Ringdal Sæter.
J 14 år:
3. Emilie Brekke, 6. Hege Ringdal.
G 14 år:
7. Stian Frøysa, 9. Ottar Frøysa Hellebostad.
G 15 år:
6. Åsmund Nybø Vik.
G 16 år:
2. Jørgen Ringdal Sæter, 3. Lars Kvam Karbø.
Sjå alle resultat her: WWW.vtiskiskyting.no

Inger Ringdal Sæter gjekk inn til ein ny 1. plass under opningsrennet i Volda.
Inger Ringdal Sæter gjekk inn til ein ny 1. plass under opningsrennet i Volda.
Mange frå Sunnylven IL hadde teke turen til opninga av det nye skiskyttarstadion i Volda, i strålande sol.
Mange frå Sunnylven IL hadde teke turen til opninga av det nye skiskyttarstadion i Volda, i strålande sol.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380