Lokalnytt

Moro med Bygdarane

Bygdarane slo seg lause på scena i eit godt program på laurdag kveld.
Bygdarane slo seg lause på scena i eit godt program på laurdag kveld.

Den årlege grendakvelden med Hellesylt Ungdomslag går på omgang mellom bygdelaga i Sunnylven. I år var det bygdarane som sytte for underhaldninga, og sende utfordringa til Sjøarane neste år.

Det er berre å starte å øve, eit år går fort, var oppfordringa til neste års aktørar frå Geir Frøysa som la til. –Vi har øvd i fjorten dagar.
Det trur vi var ei ny skrøne. Rett nok er bygdarane dyktige, men å snekre saman eit så godt, timelangt program på to veker trur vi ikkje på.
For lødige poeng var baka inn i replikkane og songtekstane og kom på rekke og rad. Det vart som dei lova på førehand, det vart laurdagsgodt med både salt, søtt og surt.

Opningsvisa med fleire på scena svinga, tone og stemning var sett frå fyrste minutt. Og utover i programmet kom det eine innslaget etter det andre og gav valuta for inngangsbilletten.
Det vart servert gode visetekstar, sketsjar med kreative poeng, og seriøse innslag av både song og literært innhald.
Det dukka fram gode stand-up innslag, og det vart gjenkjennelege situasjonar frå dagleglivet både mellom unge og eldre.
Revyskaparane tillot seg også å dele ut lette sleivspark til kommunale toppolitikarar, spesielt vart prosessen kring bygging av djupvasskaia på Hellesylt kommentert.

Ein time går fort i godt lag. Revygjengen frå Bygda hadde fullført oppdraget frå Hellesylt UL og sette punktum med ein rap-låt der rytme og bevegelsar fekk utfolde seg stort. Etter slike innslag må vel kondisjonen få eit betydeleg løft.
I alt seksten aktørar var med i programmet og bidrog til ein triveleg kveld med truskuldig moro.
Mange fekk med seg årets grendakveld på Sunnylven samfunnshus, truleg kring 250 betalande, mellom dei mange som var komne heim på tidleg påskeferie.

Etter programet vart det servert spekemat, kaffi og dessert før årets grendakveld vart fullført med dans til ut i dei små timar.

To damer som begge var kom litt opp i åra.
To damer som begge var kom litt opp i åra.
Ei klarsynt fortalde om alt ho såg i kjølvatnet av bygging av cruisekaia på Hellesylt.
Ei klarsynt fortalde om alt ho såg i kjølvatnet av bygging av cruisekaia på Hellesylt.
Bård var tilbake som Bruaset-imitator og med fleire gode vitsar frå heimegrenda.
Bård var tilbake som Bruaset-imitator og med fleire gode vitsar frå heimegrenda.
Gunn Elise er innflyttar, men forsto ikkje alt som blir sagt på dialekt i Bygda.
Gunn Elise er innflyttar, men forsto ikkje alt som blir sagt på dialekt i Bygda.
Kristin og Oddbjørg song vakkert om vakre Sunnylvsbygda.
Kristin og Oddbjørg song vakkert om vakre Sunnylvsbygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380