Lokalnytt

Ros til Sparebanken

Sparebanken Møre, avd. Hellesylt.
Sparebanken Møre, avd. Hellesylt.

Under årsmøtet i Sunnylven Idrottslag var banksjef Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre, avd. Hellesylt til stades. Han orienterte om nye reglar frå skattestyresmaktene.

Etter krav frå skattestyresmaktene skal alle lag / organisasjonar ha organisasjonsnummer for å ha bankkonto m. m.
– Hovedstyret har slikt nummer, og for ettertid vil alle undergrupper av idrettslaget ligge på same kundenummer.
Kontoene kan disponerast av forskjellige personer som før, men ein må huske på å gje beskjed til banken om kven som skal disponere dei forskjellige kontoene, sa Tryggestad.

Sparebanken Møre er ein av fleire hovedsponsorar til Sunnylven Idrottslag, og i tillegg har laget fått stor støtte ved fleire høve.
Leiar i idrettslaget, Jens Vik nytta høve å takke banken, og sa:
– Det er eit stort aktivum å ha banken i bygda. Hadde vi ikkje hatt banken hadde vi mangla mykje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380