LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2013

Anita Skorgan i Sunnylven kyrkje

Songartisten Anita Skorgan kjem til Sommardagar på Hellesylt. Fredag 5. juli blir det konserten i Sunnylven kyrkje med den folkekjære artisten.
Songartisten Anita Skorgan kjem til Sommardagar på Hellesylt. Fredag 5. juli blir det konserten i Sunnylven kyrkje med den folkekjære artisten.

Anita Skorgan er fødd i Gøteborg og vaks opp i Sverige dei fyrste åra. Som ung flytta familien til Oslo der Anita starta songkariera som medlem i NKR`s jentekor.

Fjorten år gamal slo ho gjennom som songartist etter å ha gått heilt til topps i ein talentkonkurranse i TV-showet Hylands hørna.

Skorgan har representert Norge i Melodi Grand Prix, fyrste gong som 19-åring i 1977 med songen ”Casanova” og to år seinare med ”Oliver”.

Sist vinter medverka Anita Skorgan i TV-programmet ”Hver gang vi møtes”. Programmet fekk rosande omtale i media etterpå, noko også Anita Skorgan bidrog sterkt til. Mange huskar nok hennar tolking av Ole Paus si vise ”Det begynner å bli et liv”, ei vakker, melodiøs framføring som også rørte songskaparen djupt.

Fredag 5. juli blir Anita Skorgan og musikarar å høyra saman med det lokale ungdomskoret Joyful i Sunnylven kyrkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380