Lokalnytt

Peer Gynt-kunst vist i multimedia.

Styremedlem Per Kjetil Parr orienterte om opplegget for multimedia-presentasjon med skodespelar Dennis Storhøi som Peer Gynt.
Styremedlem Per Kjetil Parr orienterte om opplegget for multimedia-presentasjon med skodespelar Dennis Storhøi som Peer Gynt.

Styret i Peer Gynt Galleriet jobbar med eit multimedia opplegg for presentasjon av dei unike arbeida etter kunstnar Oddvin Parr. Skodespelar Dennis Storhøi blir Peer Gynt i presentasjonen..

Under generalforsamling i selskapet presenterte styremedlem Per Kjetil Parr opplegget det blir jobba mot. Han var klar på at ein presentasjon i multimedia var viktig for å få opp besøkstala ved kunstsenteret.
-Peer Gynt Galleriet har unik kunst. Ingen andre stader i verda er det utstilt utskorne relieff frå scener i det verdskjente dramaet av Henrik Ibsen. Det gjeld om å gjere det kjent og få det presentert slik at det fangar interesse. Reisande er lei av kunstgalleri, dei har vore innom menge slike før dei kjem til Hellesylt. Vi må skape noko anna som skapar interesse og vekkjer begeistring, sa Per Kjetil Parr.

Vere med
-Vi trur at eit besøk i kunstgalleriet blir spanande om vi kan få bakgrunnshistoria fortalt og presentert med lyd og lys, høyre stein som raslar i urda i Gjendefjellet, høyre klauvene til bukken klinge i svaberget, vere med på livet under bryllupet på Hægstad, eller andre dramatiske eller kjære situasjonar som kunsten illustrerer.

Dennis Storhøi som Peer Gynt
Vi ynskjer at turisten skal få bli med på ei reise gjennom lyd og lys, skape forståing og oppleving av verket, bli fasinert, le med og av, bli engasjert, føle forakt, medfølelse, tilgivelse, eller berre undring.
Skodespelar Dennis Storhøi spelar Peer Gynt i oppsetjingar av stykket ved Gålå-vatnet kvar sommar. Han blir forteljaren vår.
”Jeg tar jobben, og jeg er Peer Gynt”, har Dennis Storhøi lova, fortalde Per Kjetil Parr.

Med tale, lys og musikk og utstyr som trengs vil opplegget koste mellom 300 – 400.000.- kroner.
-Det er ei investering styret trur er nødvendig og som vil betale seg på sikt. Målet er å få det på plass til sesongen startar, sa styremedlem Per Kjetil Parr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380