Samrøystes generalforsamling
Både årsberetning og rekneskap for driftsåret 2012 vart vedteke utan merknader då aksjonærar i Peer Gynt Galleriet AS var samla til generalforsamling. Også alle val var samrøystes utan endringar.
På generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS søndag 21. april var 1544 av selskapets 2833 aksjar representert.
Styreleiar Øystein Ljøen refererte frå rekneskapen der brutto driftsinntekt var på 1.137.000.- kroner, eller nær det budsjetterte for 2012.
Driftskostnadane var noko større og selskapet kom ut med eit underskot på 250.000.- kroner.
Anleggsmiddlane i selskapet er på 6.7 mill. kroner.
Det nye selskapet dreiv kunst og kultursenteret i ni månader i fjor, men drog med seg utgifter knytt til drift også dei tre fyrste måndane av året.
Og Peer Gynt Galleriet AS fekk ein del investeringar i starten i nytt utstyr då mykje var fjerna frå anlegget ved overtaking, sa styreformann Øystein Ljøen.
Han opplyste også at varme –og ventilasjonsanlegget blir ombygd frå automatisk til manuell drift for å spare straumkostnader som i 2012 var på heile 106.000.- kroner.
Heile styret i selskapet held fram:
Øystein Ljøen, styreleiar
Lisbeth Lervik
Per Magne Mork
Ole Arnstein Ringdal
Marit Sæten Opsvik
Per Kjetil Parr
Valnemnd:
John Arne Langeland (attval), Knut O. Hole, Ruth Hole Aaland.
Utviding av aksjekapital.
Selskapet har i vår gjennomført både ein retta og open emisjon og auka aksjekapitalen med 390.000.- kroner.
Etter 25. april er aksjeklapitalen på 3. 223.000,- kroner.
Ny dagleg leiar.
Mary Iren Heggen vart tilsett som dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet frå april i år.
Søndag presenterte ho seg for aksjonærane i selskapet. Ho gleda seg til jobben, var spent, men håpa det ville gå bra både økonomisk og at huset blei ein kjekk stad å kome til for alle.
Kunstsenteret opnar 1. mai, i fylgje selskapet si nettside.