Lokalnytt

Vårtreff for seksti pluss samla seksti.

doc_3451_2

Arrangørane Sunnylven sanitetslag og Sunnylven Pensjonistlag fekk mange gjestar til bords då dei inviterte til vårtreff på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag. Ein gild fest tykte alle.

Dei to arrangørane hadde ikkje lagt opp med stor program, men sosialt samvær med god servering. Litt underhaldningskrefter hadde dei likevel hyra inn, for med gitar og song gav Kristine Hjellbakk Hole og Bertine Lade festlyden prov på at det gror godt frå kulturskulen i kommunen.
Styremedlem i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim leia festen som samla kring seksti personar frå alle bygdelaga
Tilstelninga skulle denne gongen vere ein møteplass der ein kom i lag for å prate og dele kvardagshistorier, gjere avtalar kvar ein kunne møtast neste gong, om det var på butikken, biblioteket eller på omsorgssenteret.
Per Fuggeli hadde sagt det så rett tykte ho, – det viktigaste er ikkje å vere eit eittal i flokken, men ta vare på kvarandre på jorda-.

Sjølv gleda ho seg til å vakne ein morgon utan at temperaturen viste minusgrader, høyre bekken klukke og småfuglane synge, sjå at isen og snøen i tunet smelta.
Kari Hauso Stadheim håpa at festsamkoma ville gje optimisme og forventning til det som skal skje framover våren, til årstida vi går i møte.

Vårtreffet som dei to arrangørlaga inviterte til var i staden for den årvisse pensjonistfesten i januar. Då var veret utrygt og kulden bitande, så dei valde å utsetje.
På kyrkjelydshuset vart det laurdag servert middag med kaffi og kaker etterpå. Ein gild samkome var omkvedet ved festslutt.

-

 

Kristine Hjellbakk Hole og Bertine Lade gleda med spel og song.
Kristine Hjellbakk Hole og Bertine Lade gleda med spel og song.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380