Villa Norangdal for skifolk
Midt i det flottaste landskap for frikøyrarar på ski ligg Villa Norangdal. Hotellet hadde fullt hus i påska og tingingane etterpå er gode.
(Alle foto: blodsmak.no)
I påska var det ingen ledige rom ved det særprega Villa Norangdal i Nebbedalen i Sunnylven. Då var der samla ei større gruppe frikøyrarar frå Salomon Freeride Ski som laga TV-film. Mellom dei var ein av verdas beste, Greg Hill frå Canada.
Svenske Oscar Almgren som bur i Stryn var kjentmann.
Utanom Sunnylven gjorde teamet turar og opptak frå toppar både på Stranda, i Sykkylven og Hjørundfjorden.
Det flotte påskeveret baud til fleire toppturar for dei dyktige frikøyrarane. Bratt opp, men med ekstrem nedfart vart festa på film frå toppar som Blæja, Slogen og til eitt av Sunnmøres topptak, 1717 meter høge Kvitegga.
Opphaldet på Villa Norangdal og opplevingane i naturen kring vart skildra verbalt som det beste og mest fantastiske norsk vinternatur kan by på av gjestane frå Salomon.
Villa Norangdal har nye skigrupper på hotellet kvar helg denne årstida. Fyrste helg etter påske er skikøyrarar frå Østerrike på plass og seinare kjem nye gjennom selskapet Hvitserk.