Lokalnytt

Feira tett tak på gamleskulen.

Gamleskulen på Hellesylt har fått nytt, tett tak. Arbeidet har blitt utført på dugnad og med innleigd hjelp.

Innsatsen til arbeidsfolket ville styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum markere og takke for.

Torsdag var alle invitert og 18 personar møtte opp framfor det gamle skulehuset til serveringa var kaffi, vafler og kake.
Under samlinga vart det delt ut ros til arbeidsfolket. -Vi er veldig stolte av det fine taket og fornøgde med arbeidet som er utført, sa styreleiar i foreninga, Kari Hauso Stadheim mellom anna.

Foreninga Gamleskulen aktivitetsmuseum kjøpte i fjor haust det gamle skulehuset med tomt av Stranda kommune.
Fyrste tiltaket den nye eigaren måtte gjere var å få tetta taket. Vindskier og beslag hang til nedfalls fleire stader og takstein hadde ramla av.

Etter ein del dugnadstimar og med innleigd hjelp frå HT Bygg, Hellesylt vart roteskader utbetra og nytt tak lagt på. Det gamle skulehuset frå 1898 har fått eit tett og vakkert skifertak.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380