Lokalnytt

Gild gudsteneste i kyrkja

-

Mange var samla i Sunnylven kyrkje då kyrkjeklokka tagna etter å ha kalla til gudsteneste på 17. mai. Det vart ei gild samling på ein strålande dag.

Gode song -og musikkrefter sette farge på 17. mai under samlinga i kyrkja.
Sunnylven skulekorps opna det heile med ”Gud signe vårt dyre fedreland” og avslutta like klangfullt med ”Ja vi elsker” som postludium.

Ungdomskoret Joyful var fulltallig og imponerte stort med framføringar av Ole Paus sin ”Mitt lille land” og Arnulf Øverland sin tekststerke ”Til ungdomen”. Bjarne Sjåstad akkompagnerte på gitar og solistar i dei to songane var Maria Langeland, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein.

Frå Sykkylven kom May Lisbeth Hovlid Aurdal og heldt preika i Sunnylven kyrkje på nasjonaldagen.
Feiring, friheit og fellesskap var ordknaggar som prestevikar Hovlid Aurdal fletta sine gode reflekterte tankar kring og illustrert med bilete frå Sunnylven som mange kjente seg igjen i.
Ho kom med ord som fekk alle til å lytte og bar fram eit bodskap som begeistra dei mange.
Sjeldan har ei preike på nasjonaldagen i Sunnylven kyrkje fenga betre både unge og eldre.

 

May Lisbeth Hovlid Aurdal heldt preika og deretter feira ho og familien 17. mai på Hellesylt.
May Lisbeth Hovlid Aurdal heldt preika og deretter feira ho og familien 17. mai på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380